Ny doktorgrad: Kan biodrivstoff bidra til ei berekraftig utvikling?

""
Geoffrey Gilpin. Foto: Kyrre Groven

10. november disputerer Geoffrey Gilpin for doktorgraden med eit forskingsarbeid utført ved Vestlandsforsking. Han legg fram ny kunnskap om livsløpsanalysar av biodrivstoff og korleis slike drivstoff kan bidra til ei meir berekraftig utvikling.

Gilpin disputerer ved Norges miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) med avhandlinga: «The environmental life cycle assessment of selected 1st through 3rd generation biofuels within the context of sustainable development», på norsk omsett til: «Livsløpsvurdering av utvalgte første til tredje generasjons biodrivstoff i kontekst til bærekraftig utvikling».

Transportsektoren står for 14 prosent av klimautsleppa på verdsbasis, og det blir stadig utvikla og teke i bruk nye biodrivstoff for å redusere utsleppa. Men når det kjem fleire drivstoff på marknaden, er òg det viktig å kunne måle og samanlikne miljøpåverknaden. Her kjem metoden livsløpsanalyse inn i biletet.

Det finst både kriterium for kva som er berekraftig og metodar for å evaluere berekraft. Samtidig er det ingen konsensus på området, verken når det gjeld omgrepet «berekraft» eller kva for vurderingsmetodar som skal nyttast.

Rammeverk for vurdering av biodrivstoff
Det største hinderet for ei semje på dette området, er at ein manglar kunnskap, både om korleis biodrivstoff kan bidra til meir berekraft og om avgrensingane til dei spesifikke vurderingsmetodane som blir brukte for å samanlikne strategiar. Forskarar har teke til orde for å samle fleire evalueringsmetodar som utfyller kvarandre i eit felles rammeverk for berekraft-analyse.

I doktorgradsarbeidet sitt har Geoffrey Gilpin sett på korleis biodrivstoffa kan bidra til å nå målet om ei meir berekraftig utvikling og studert avgrensingane i å bruke livsløpsanalysar til å vurdere drivstoffa opp mot berekraftmålet. Han har nytta livsløpsanalysemetodar på første-, andre- og tredjegenerasjons biodrivstoff (biodiesel av raps, bioetanol av lignocellulose og bioetanol av makroalgar).

Avhandlinga presenterer eit rammeverk for vurdering av biobrensel opp mot berekraft, og her omset Gilpin omgrepet berekraftig transport til handterbare strategiar slik at det går an å setje forslag til berekraftige transportløysningar i samanheng med ulike biodrivstoff.

Livsløpsanalysar har avgrensingar
Livsløpsanalysane Gilpin gjennomførte av dei ulike biodrivstoffa viste at denne analysemetodikken ikkje kan gi alle svara om kor berekraftige drivstoffa var. Gilpin samanlikna ulike teknologiske utviklingsstadium for første-, andre- og tredje generasjons biodrivstoff for å finne ein samanheng mellom rammeverket og den teknologiske utviklinga til dei individuelle biodrivstoff-alternativa.

- Biodrivstoff blir viktig
Gilpin konkluderer med at biodrivstoff kjem til å spele ei sentral rolle i å redusere klimautsleppa og få til ei meir berekraftig utvikling. Føresetnaden er at både individuelle biodrivstoff og drivstoffstrategiar må kome godt ut av samanlikningar med det som finst av alternativ. Han slår også fast at når ein skal vurdere kor godt biodrivstoff bidreg til berekraftig utvikling, er livsløpsanalysar eit viktig element, trass i at metodikken har visse avgrensingar.

Om kandidaten
Geoffrey Sean Gilpin (38) er fødd i Canada og bur i Fresvik i Sogn. Han er utdanna diplomingeniør i energi- og miljøteknologi fra FH Aachen i Tyskland. Doktorgraden hans er finansiert av eit stipend frå Sogn og Fjordane Energi AS som ein del av eit samarbeidsprogram for fornybar energi mellom Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og regionale investorar i Sogn og Fjordane. Gilpin utførte mykje av arbeidet med avhandlinga medan han var tilsett ved Vestlandsforsking i perioden 2008 – 2015. Han er i dag tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Disputas 10. november
Disputasen vil finne stad torsdag 10. november 2016 i Urbygningen, Festsalen U215, Ole Sverres plass 1, ved NMBU i Ås, kl. 13.00. Prøveforelesing kl. 11.00 med tittelen "Long term pathways for sustainable development within transport sector – do biofuels still have a role in 2066 (fifty years from now)?"

Kommisjon:
Første opponent: Professor Margareta Wihersaari, Åbo Akademi, Finland
Andre opponent: Professor Pål Börjesson, Lunds universitet, Sweden
Leder av kommisjonen: Associate Professor Jorge Mario Marchetti, Department of Mathematical Sciences and Technology, NMBU

Rettleiarar:
Hovudrettleiar: Associate Professor Petter Hieronymus Heyerdahl, Department of Mathematical Sciences and Technology, NMBU
Birettleiar: Professor Erling Holden, Sogn og Fjordane University College
Birettleiar: Adjunct Professor Ole Jørgen Hanssen, Department of Ecology and Natural Resource Management, NMBU and Østfoldforskning