Foto frå utstillinga Grüne Woche i Berlin i januar 2020.
Sogn var ein av dei tre norske regionane som vart profilerte på Grüne Woche i 2020. (Foto © Messe Berlin GmbH)

Vestlandsforsking var i januar på matfestivalen Grüne Woche i Berlin saman med folk frå mat- og reiselivsverksemder, lokal næringsutvikling og FoU-sektoren i Sogn. I studieturen ligg kimen til eit samarbeid som vil kreve kunnskapsbygging og innovasjon i åra framover.

Internationale Grüne Woche er ei årleg utstilling med vekt på mat og drikke, landbruk og grøne verdiar. Den første vart arrangert i Berlin i 1926, og årets utgåve, som Vestlandsforsking besøkte i slutten av januar, var den åttifemte. 1800 utstillarar er representerte. I tillegg omfattar utstillinga ei rekkje døme på regional utvikling frå tyske delstatar, knytt til mellom anna digitalisering, framtidas mat og opplevingar i landbruket.

Verken Sogn eller Norge er nykommarar på Grüne Woche, men mange av deltakarane på studieturen var der for første gong. Som ny besøkande var direktør i Vestlandsforsking, Anders-Johan Almås, imponert.

– Utstillinga var veldig mangfaldig. Det var interessant å sjå korleis dei over 60 landa formidla sine eigne mattradisjonar og promoterte landbruk og mat i samband med reiseliv, seier Almås. Han hadde selskap av forskingsleiar for teknologi og samfunn, Ivar Petter Grøtte, på reisa.

Mål om satsing i Sogn

Turen der han representerte forskingsinstituttet, har eit konkret siktemål: å førebu ei lokal satsing i Sogn der kjernen er koplingar mellom lokalmat, kultur og opplevingar.

– Det føregår no store satsingar i regionen som kan forsterkast gjennom meir samarbeid, seier Ivar Petter Grøtte.

Foto frå blomehallen på Grüne Woche 2020
Frå blomehallen på Grüne Woche 2020.
​​​​(Foto © Messe Berlin GmbH)

Innovasjon og kunnskapsutvikling har ein naturleg plass i arbeidet, og klyngesatsingar som Arena-programmet i regi av Innovasjon Norge, kan vere aktuelt.

– Vi håpar å etablere tyngde i regionen vår på dette området, seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt, som leidde turen til Berlin saman med Sogn Næring.

Lære av dei beste

Fleire av dei aktuelle deltakarane i eit framtidig samarbeid var med på studieturen, som Lærdal Grønt, Sognefrukt, Bratt moro, Hodlekve-satsinga, Lærdal kommune, Lærdal Næringsutvikling og Høgskulen på Vestlandet. Arrangørane la vekt på å bruke auge og øyrer for å hente inspirasjon frå dei beste regionane.

Dei gode grepa deltakarane fanga opp, vil bli nyttige når Sogn kjem vidare i planane om å profilere regionen innan mat, drikke, aktivitetar og sunnheit.

– Vi er framleis i ein tidleg fase, og har stor bruk for å utvikle kunnskap. Der er Vestlandsforsking sentrale, seier Torgeir Skålid i Sogn Næring.