Bedriftsøkonomi trumfar berekraftomsyn i reiselivet

""

Når målet om eit berekraftig reiseliv møter lokale reiselivssatsingar i praksis, blir kortsiktige bedriftsøkonomiske omsyn vektlagt meir enn økologiske perspektiv. Særleg omsynet til reduserte klimagassutslepp blir skadelidande. Det er som forventa i og med at statlege rammevilkår legg opp til ei slik prioritering.

Aktuelt

Den nasjonale reiselivsstrategien frå 2012 held fram berekraft som eit grunnleggande mål for all reiselivsutvikling i Noreg. I strategien heiter det at berekraft skulle vere ein føresetnad for regjeringa sin næringspolitikk rette mot reiselivssektoren. Dermed var det sers aktuelt for forskarane Eivind Brendehaug og Carlo Aall frå Vestlandsforsking å undersøke i kva grad berekraftomsynet vart integrert i lokale reiselivssatsingar på Vestlandet.

På oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune har  desse forskarane, saman med professor Rachel Dodds  frå Ryerson University, Toronto i Canada studert m.a. utbygging av hyttefelt i Stryn, planlegging av vidare cruiseutbygging i Olden og i Aurland og oppretting av Breheimen nasjonalpark i Luster. Dei har fått publisert resultata i det anerkjende internasjonale tidsskriftet Journal of Sustainable Tourism.

- Våre analyser viser at når bedriftene må velje mellom ulike omsyn får dei økonomiske omsyna forrang framfor økologiske og globale berekraftomsyn, seier Brendehaug. Dette er ikkje overraskande all tid bedriftene, destinasjonane og kommunane sine rammevilkår fastsett av Storting og regjering prioriterer dei kortsiktige økonomiske omsyna.

- Meir overraskande er det at kommunar og destinasjonar i lita grad har utvikla tiltak for å stimulere til at den økonomiske verdiskapinga frå reiselivet vert verande att i lokalsamfunna. I cruiseturismen ser vi dette tydeleg der dei globale cruisereiarlaga haustar gevinstar av lokale bedrifter og lokalsamfunna si tilrettelegging. I hytteutbygginga har også kommunane i lita grad sett krav som aukar den lokale verdiskapinga.

- Men det er lyspunkt: Vi ser at aktiv deltaking frå innbyggarane i reiselivsutviklinga stimulerer til at breiare berekraftomsyn enn økonomi vert tatt i vare. I oppretting av Breheimen nasjonalpark førte aktiv deltaking frå grunneigarar til betre moglegheit for lokal verdiskaping ved at forskrifta for Mørkridsdalen landskapsvernområdet opna for etablering av eit kulturlandsskapssenter i dalen. Også i cruiseplanlegginga førte aktiv deltaking frå innbyggjarane i Olden og i Aurland til endringa av planane i ein meir berekraftig retning.  Det vart ikkje fleire cruisekaiar i desse bygdene, og dermed førte deltakinga truleg  til ei avgrensing av ein veksande cruisetrafikk.

Du finn den norskspråklege sluttrapporten frå prosjektet her: Vilkår for integrering av berekraft. Ein studie av ulike utbyggings- og utviklingstiltak i reiselivet i Sogn og Fjordane