Presentasjon - Innovasjon og verdiskaping i nettverk
Forskarane Øyvind H. Larsen ved Vestlandsforsking og Jon Gunnar Nesse ved Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde fredag eit innlegg på The 11th Regional Innovation Policies Conference 2016. Presentasjonen Nesse holdt er ein leveranse i forskingssamarbeidet VRI3 RECIN og konferansen vart halden på Cardiff University i Wales 3.-4. November 2016.
Tema var : "The impact of regional public institutions on innovation in business networks"
RECIN skal bidra til VRI-programmet sitt mål ved å undersøke og skaffe kunnskap om korleis samhandling i ulike typar nettverk kan bidra til kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping for bedriftene. Vidare er målet å undersøke og auke kunnskapen om korleis offentleg finansierte nettverk/konstruksjonsprogram kan stimulere og legge til rette for nettverksbasert innovasjon. Og dette siste var tema for presentasjonen.