Aktuelt-arkiv

  • Blir det meir eller mindre lokal verdiskaping av å satse meir på cruiseturisme i Sogn og Fjordane? Kva er verknaden på utslepp av klimagassar av å satse på meir kortreist turisme? Dette er eksempel på spørsmåla det er viktig å ta stilling til om ein skal følgje opp målet i Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane om at berekraftig forvaltning skal vera eitt av fylket sine viktigaste konkurranseføremoner.

  • Cenk Demiroglu, gjesteforskar ved Vestlandsforsking, gjennomfører ein studie av klimatilpassing innan skidestinasjonar.

  • Statsminister Jens Stoltenberg vil ha fart på digitaliseringa i offentleg sektor. Han treng ikkje gå langt, han kan berre ta ein prat med kollega Bård Vegar Solhjell og opna opp kartdata for å få eit skikkeleg løft.

  • Best av dei regionale institutta på internasjonalt samarbeid. Mellom dei tre beste på vitskapleg publisering.

  • Gruppa som arbeider med semantiske teknologiar ved Vestlandsforsking var på studietur til universitetet i Leipzig i forrige veke. Universitetet i Leipzig er mellom dei leiande miljøa i Europa på fagområdet semantiske teknologiar og særleg lenka data (Linked Data).

  • Gjennom eit forskingsprosjekt finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune har Vestlandsforsking utvikle eit system for korleis norske fylkeskommunar kan følgje opp fylkeskommunale klimaplanar og vurdere om dei når sine mål og ambisjonar med tanke på reduksjon av klimagassutslepp knytt til både produksjon og forbruk regionalt.

  • Vestlandsforsking avdekkar at det framleis er mange uavklara ansvarsområde innan klimatilpassing.

  • Dersom kommunane følgjer regelverket kan dei forhindre at mange av dei naturskadehendingane som har skjedd tidlegare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.

  • Fagfellevurdering (peer review) er sjølve fundamentet i forskinga. Nye påstandar blir sette fram og må evaluerast opp mot eksisterande kunnskap og så aksepterast eller forkastast. Oftast skjer dette gjennom publisering av artiklar som så vert vurderte av fagfeller på området. Spørsmålet er om slike evalueringar er gode nok? Mykje tyder på at svaret er NEI.

  • Presentasjon på nordisk fagkonferanse i Umeå.

  • Tidlegare direktør og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, Karl Georg Høyer, døydde laurdag 10.november.

  • Den 24. oktober arrangerte Vestlandsforsking i samarbeid med Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen eit seminar om usikkerheit og klimatilpassing. På seminaret deltok forskarar frå ulike fagområde og representantar for nasjonal, regional og lokal forvaltning.

  • Statsråd Kristin Halvorsen besøkte måndag 5. november Vestlandsforsking. I løpet av ein knapp time diskuterte vi dei regionale forskingsinstitutta si rolle i brukarnær og andvendt forsking.

  • Fredag 26. oktober blei det arrangert workshop om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor.

  • Utviklinga av den semantiske web-en har gått frå ei ekstrem retning (overfokus på ontologiar) til den stikk motsette: lenka data nesten utan semantisk informasjon.

  • Vestlandsforsking arrangerer i dag (26.10.12) seminar om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den nye offensiven frå Forskingsrådet på dette området er ein viktig bakgrunn.

  • Turistane har fått nye opplevingar grunna betre samarbeid mellom frukt- og bærnæringa og reiselivet på Vestlandet. Vestlandsforsking har evaluert tilbodet frå 40 hagebruksbedrifter i Sogn og Fjordane og Hordaland.