Kristin Halvorsen på Vestlandsforsking

Statsråd Kristin Halvorsen besøkte måndag 5. november Vestlandsforsking. I løpet av ein knapp time diskuterte vi dei regionale forskingsinstitutta si rolle i brukarnær og andvendt forsking.

Utvikling, formidling og omsetting av kunnskap understøttar kunnskapsbasert utvikling i regionane, i samspel med praksisfelta og i samarbeid med forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt. Brukarrelevant forsking i dei regionale institutta vart illustrert ved tre eksempel frå Vestlandsforsking; innan energiforbruk, regionalt IT-samarbeid og reiselivsutviklnig. Eksempla viser forsking med, meir enn forsking på anvendelsesområda.

Samtidig som forskinga skal vere relevant, skal den også holde høg vitskapleg kvalitet. Det inneber at ein må ha ressursar til å bygge vitskapleg kompetanse i form av doktorgradsutdanning og i form av vitskapleg publisering. Oppdragsmarknaden til dei regionale institutta finansierer i liten grad denne delen av den faglege utviklinga. Basisfinansiering eller andre verkemiddel som Strategiske instituttprogram kan og må kompensere for denne marknadssvikten, dersom dei regionale institutta skal holde fram med å ta samfunnsrolla si og møte etterspørselen etter brukarnær forsking t.d. ved å delta i innovasjonsprosessar med forskermedverknad. Like konkurransevilkår med store og sentralt plasserte forskingsmiljø er ein føresetnad.

Statsråden var kjent med problemstillingane og gjekk inn i ein god dialog om roller og utfordringar for dei regionale institutta, som viktige kunnskapsmiljø utanfor dei store universitetsbyane. Instituttsektoren blir eit sentralt tema i Forskingsmeldinga som skal leggast fram før påske.

Det vart også tid til ein liten helserunde på instituttet, der nokre av forskarane presenterte kort sine arbeidsfelt.

Frå Kunnskapsdepartementet deltok i tillegg til statsråd Kristin Halvorsen også underdirektør Arne Hovden, rådgjevar Audun Digerud Berg og seniorrådgjevar Gard Sandaker-Nielsen.

VF sin presentasjon