Aktuelt-arkiv

  • test

    I 2015 feirar Vestlandsforsking 30 år. Forskingsinstituttet blei stifta 13. mars 1985 av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med god hjelp frå Kommunaldepartementet, bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket som gjekk inn med midlar til eit grunnfond.

  • Hans Jakob Walnum og Carlo Aall ved Vestlandsforsking har i samarbeid med Søren Løkke publisert artikkelen «Can Rebound Effects Explain Why Sustainable Mobility Has Not Been Achieved?». Artikkelen drøftar svar på kvifor det er så krevjande å nå målet om berekraftig mobilitet.

  • Title: Assistance in the life-cycle assessment of: ethanol-blended gasoline, and tiles made from waste cathode ray-tube (CRT) glass

  • Forskingsrådet har delt ut midlar til dei forskingsinstitutta som har lukkast med å få forskingsprosjekt i EU. Vestlandsforsking er eit av dei få institutta som blir tildelt midlar av det som blir kalla STIM-EU.

  • Presentasjonar frå seminaret

  • Prosjektet starta opp i 2013 og blir no avslutta med eit seminar i Oslo arrangert av Finans Norge, Vestlandsforsking og Geografisk Institutt ved NTNU.

  • Filmen "The Imitation Game" har ført til fornya interesse for den britiske matematikaren og datamaskin-pioneren Alan Turing. Turing starta med å beskriva ei "universell maskin" som svar på ei utfordring gitt av den tyske matematikaren David Hilbert. Den universelle maskina var faktisk den første beskrivelsen av ei generell datamaskin. Seinare var Alan Turing involvert i å byggja ei datamaskin basert på prisippa til den universelle maskina.

  • IT-Forum Sogn og Fjordane er særs nøgd etter at det måndag denne veka vart klart at samarbeidet i fylket får inntil 450.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til kompetanse-utviklingsprosjekt for næringslivet. Dette betyr svært mykje for næringsmiljøet vårt, seier leiar i IT-forum Jan Heggheim.

  • Onsdag 10. desember tok kommunane i fylket fatt på vegen mot ei pleie- og omsorgsteneste som støttar seg på smart, ny teknologi. Oppmøtet var over all forventning då IT-forum si arbeidsgruppe for velferdsteknologi møtte kommunane til eit første seminar.

  • - Kommunane si interesse for velferdsteknologi er over all forventning, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking, etter å ha registrert 128 påmeldingar frå alle kommunane i fylket til eit seminar på Skei hotel 10. desember.

  • 4. og 5. desember arrangerer Vestlandsforsking avslutningsseminar for prosjektet "Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima" i Ålesund. Hovudtema for samlinga: Frå kunnskap til handling. Du kan følgje seminaret på Youtube.

  • Difi har evaluert kvaliteten på offentlege nettstader sidan 2001 og delt ut prisar for beste nettstad. Vestlandsforsking har delteke i det faglege arbeidet både med indikatorutforming og evaluering frå starten av. I år har Difi gjort ei endring og sett søkjelyset på offentlege digitale tenester, dvs. digitale skjema. Resultatet av evalueringa vart lagt fram på eit seminar i Oslo fredag 28.11.

  • We are delighted that delegates from about 30 countries joined us for the 3rd International Adventure Tourism Conference 22 – 26 November in Sogndal, close to fjords and glaciers, with opportunities for activities containing both culture, nature and physical activities. In other words: world class adventure tourism.

  • 26 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har alt innført elektronisk utveksling av helsemeldingar. Utvekslinga var oppe og gjekk sommaren 2014 etter godt samarbeid i heile fylket.

  • Forskingsleiar Carlo Aall kritiserar i ein kronikk i Bergens Tidende den nyleg publiserte fagrapporten frå Miljødirektoratet - "Kunnskapsgrunnlag for lavutslippsutvikling» - for store faglege manglar.

  • IT-forum oppvekst og utdanning arrangerer erfaringssamling på Sunnfjord hotell i Førde 2.-3.desember.

  • 300 deltakarar frå 29 land har meldt seg på ”The Third International Adventure Conference -Fjord 2.0” i Sogndal som startar laurdag 22. november og går til onsdag 26. november. Konferansen samlar verdas fremste forskarar på opplevingsturisme og reiseliv, men også natur- og opplevingsbedrifter, tilsette i organisasjonar innan reiseliv og friluftsliv og lærarar og studentar innan reiselivs- og friluftslivsfag.

  • 5. november 2014 blei det halde eit møte mellom AREALKLIM–prosjektet, som blir gjennomført av Vestlandsforsking, og NIFS. Møtet hadde tittelen «Arealbruk og naturfare» og inkluderte innlegg om arealplanlegging og klimatilpassing, ROS-analyser, vskog og naturfare, m.m.

  • Satsinga “Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane” er no i gong. Målet er auka samarbeid mellom næringsliv og forskingsmiljø.

  • Høgskulen i Sogn og Fjordane og VRI 3 ved Vestlandsforsking inviterar til næringsseminar tysdag 18.november. Seminaret er ope for alle.