IT-forum arrangerer IKT-seminar for skular og barnehagar

IT-forum oppvekst og utdanning arrangerer erfaringssamling på Sunnfjord hotell i Førde 2.-3.desember.
Dato:
24.11.2014
Det blir mange godbitar på seminaret og vi håpar at flest mogleg kan prioritere å kome anten ein eller begge dagar!
Her er nokre punkt frå programmet:
- Kahoot
- Vaken og vågal i Vågå (Korleis Vågå kommune sette ikt på dagsorden i sine skular og gjennomførte ei storstilt kompetanseheving)
- Nettbrettprosjekt i fylket
- OneNote og portal (gode verkty i klasserommet)
- Omvendt undervisning
- Vokal/puls
- LMS (Fronter, It`s Learning og CLG)
- “Lær kidsa koding”
- Digital Dømmekraft (Erik Westrum, Senter for ikt i utdanninga)
- Office365
Det er allereie 100 deltakarar på seminaret og siste frist for påmelding er 25. november.