Velferdsteknologi fylte konferansesalen på Skei hotell

Onsdag 10. desember tok kommunane i fylket fatt på vegen mot ei pleie- og omsorgsteneste som støttar seg på smart, ny teknologi. Oppmøtet var over all forventning då IT-forum si arbeidsgruppe for velferdsteknologi møtte kommunane til eit første seminar.

- Folk tok til å kome alt ein time før det starta, og salen var fullstappa gjennom heile dagen, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking. Saman med Marta Strandos ved USHT (Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane) stod ho bak dette første seminaret i prosessen der kommunane i Sogn og Fjordane skal orientere seg i ein jungel av teknologiske hjelpemiddel designa for velferdsføremål.

Då KS nyleg arrangerte ein konferanse om velferdsteknologi for kommunar som ikkje er innrullerte i Nasjonalt velferdsteknologiprogram (dvs. alle kommunane her i fylket) i oktober, var det berre to av dei 26 kommunane i fylket som var representerte.

- Difor var det ekstra flott å sjå at alle 26 kommunane var representerte på Skei. Kanskje var det nettopp vektlegginga av lokale ressursar som var trekkplasteret for kommunane, saman med ønsket om å planlegge samarbeid framover, seier Hilde G. Corneliussen etter det vellukka seminaret.

Kvardagen må bli smartare
Bakteppet for seminaret er at det norske velferdssystemet bur seg på tider med fleire både eldre og yngre som vil ha behov for pleie- og omsorgstenester, og ein mangel på folk som kan ta seg av sjuke og pleietrengande. Denne førebuinga går mellom anna ut på å effektivisere samspelet mellom dei som treng hjelp og dei som yter denne hjelpa. Regjeringa og Helsedirektoratet legg opp til at teknologien skal løyse mange av knipene som ventar pleie- og omsorgssektoren.

Innan berre nokre få år vil sjukeheimar og omsorgsbustadar i Sogn og Fjordane difor vere prega av mange former for ny teknologi: Sensorar som varslar om at pasienten har falle, trimsyklar som viser bilete frå verda utanfor omsorgsbustaden og GPS som kan hjelpe demente å finne vegen heim att. Desse tiltaka er ikkje langt unna; mange teknologiske hjelpemiddel er i bruk ein stad i Noreg akkurat no. Litt av utfordringa for kommunane er at det finst eit vell av teknologiske løysingar, men få av dei er tilpassa utfordringane innan pleie og omsorg.  Til saman vil dei vere ei viktig flytebøye for sektoren når den varsla "eldrebølgja" slår inn over landet og litt for få hender skal rekkje over litt for mange oppgåver. Men før det gjeld det å orientere seg så vi veit kva for løysingar det er ønskeleg å satse på.

Har løfta i lag før
Kommunane i Sogn og Fjordane er ikkje ukjende med å møte statlege reformer og krav som ei samla gruppe. I løpet av 2013 og 2014 innførte dei elektroniske helsemeldingar i lag, og omlegginga var i mål i sommar. Dette såkalla «Meldingsløftet» heng saman med Samhandlingsreforma. Kort fortalt inneber det at fastlegen, sjukeheimen og sjukehuset enkelt og sikkert kan sende kvarandre viktige beskjedar om behandlinga av pasientar som skal flyttast, til dømes frå sjukehuset til sjukeheimen etter ein operasjon. Tidlegare vart denne typen informasjon gjerne utveksla munnleg per telefon, med ein viss risiko for mistydingar og forgløymingar. På seminaret om velferdsteknologi roste fylkeslege Per Stensland gruppa som har jobba med Meldingsløftet for visjonen om eit samarbeid mellom alle kommunane i fylket.

- No har fylket fått ei ny, viktig arbeidsgruppe med ein ny visjon: Vi skal innføre velferdsteknologi i kommunane i lag, sa Stensland.

Arbeidsgrupper med hårete mål
Velferdsteknologi er eit omfattande felt som kan delast opp etter ulike tema og ulike teknologiar. Det betyr òg at det er ulike aktørar som må involverast i arbeidet. Det er difor eit mål at det vidare strategiske samarbeidet i fylket skal gå vidare i fleire delprosjekt eller mindre arbeidsgrupper, der ulike kommunar og miljø i fylket vil kunne vere pilotar eller kunnskapssenter for ein del av feltet. Fylkeslege Per Stensland oppmoda kommunane til å melde seg på dette arbeidet:

- Lat oss ha som eit hårete mål at alle kommunane i fylket skal delta i ei slik arbeidsgruppe, sa han.

Sjå også NRK Sogn og Fjordane nettsak: Mange vil lære om velferdsteknologi

IT-forum si arbeidsgruppe for velferdsteknologi:

  • Kari Støfringsdal, Flora kommune (Prosjekteigar v/Terje Heggheim)
  • Kari Krogh, Eid kommune
  • Anita Lothe, Gloppen kommune
  • Marta Strandos, Førde kommune/Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)
  • Liv Husabø, NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane
  • Ove Bjørlo, Eid vidaregåande skule
  • Per Stensland, Fylkeslege (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)
  • Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
  • Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking/IT-forum (sekretariat)
  • Joanna Galek, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ta kontakt med Hilde G. Corneliussen dersom du vil vite meir om dette temaet