Aktuelt-arkiv

  • Årdal kommune

    Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Vestlandsforsking bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet.
    – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

  • øyvind i trapp

    Vestlandsforsking er medarrangør og har fleire roller i Fjordkonferansen i Loen 6.-7. juni. Den tverrfaglege konferansen har i år temaet regional konkurransekraft.
    - Det er viktig for oss på Vestlandsforsking å formidle kunnskap vi utviklar om tema som er særleg relevante for Vestlandet, seier Øyvind Heimset Larsen, som har vore med på å planlegge årets konferanse.

  • lokale grønsaker

    Vestlandsforsking har på oppdrag frå fylkeskommunen kartlagt aktørar og utviklingsprosjekt knytt til lokalmat i Vestland fylke og gitt strategiske råd. Rapporten blir eit grunnlag i fylkeskommunen sin innsats for å styrke salet av lokalmat i Vestland. – Vi tilrår mellom anna å kople lokalmat tettare saman med reiselivsnæringa, seier seniorforskar Kristin Løseth.

  • torbjørn og bror

    Noradapt har utvikla eit nytt verktøy som viser kor langt ein har kome i arbeidet med klimatilpassing i i ulike delar av samfunnet. Bror Kristian Tandberg ved Vestlandsforsking presenterte tenesta på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april.

  • Kompetansemeklarane ved Vf

    Vestlandsforsking har nyleg signert to viktige samarbeidsavtalar med Vestland fylkeskommune: Ein treårig samarbeidsavtale der vi skal bidra med forsking og utviklingsarbeid for å nå måla i regional plan for innovasjon og verdiskaping, og ein samarbeidsavtale om satsinga FORREGION om å mobilisere til meir forsking i næringslivet.

  • VF-styret 2024

    Styret for Vestlandsforsking var samla til sitt første styremøte og styreseminar i Sogndal 14. mars. Styreleiar er Silja Ekeland Bjørkly (til venstre).

  • hundekøyring svalbard

    Reiselivsnæringa på Svalbard kan gå ei lys framtid i møte, sjølv om klimaendringar, strengare regelverk og tøffare marknad skaper ei rekke utfordringar. Det viser forsking gjort gjennom prosjektet «Berekraftig turisme på Svalbard - ein balansekunst», som undersøker nettopp korleis reiselivsnæringa kan skape nye og berekraftige løysingar i møte med ei ny verkelegheit.

  • M. Simonsen

    Torsdag i førre veke fekk vi den sørgjelege og ufattelege bodskapen om at Morten Simonsen heilt uventa hadde gått bort.

  • Rindabotn - Kyrre Groven

    Framtida til skiområdet Hodlekve skal utformast, og gjennom eit nytt, europeisk forskingsprosjekt leia av Vestlandsforsking, skal forskarane studere korleis Sogndal kommune inviterer innbyggarar med i prosessen. – Prosjektet handlar om å jobbe med naturbaserte løysingar på ein måte som gjer at fleire får stemma si høyrt. Vi skal òg utvikle ein metode som kan handtere interessekonflikt på ein konstruktiv måte, seier prosjektleiar Irmelin Gram-Hanssen.

  • VF direktør

    Dei fem regionale, samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta går saman om å få på plass retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i forsking. – Utviklinga har gått utruleg raskt, og mange forskarar var tidleg ute, seier direktør Anne Karin Hamre ved Vestlandsforsking.

  • myr nær vestnes - dronebilete hvl

    23.-24. april er det klart for ei ny utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal, som samlar folk frå ulike sektorar som jobbar med klimarelaterte spørsmål. Hovudtemaet i år er “Areal på raudlista”. - Den siste tida har det blitt større medvit om at areal spelar ei viktig rolle både når det gjeld klimatilpassing og reduksjon av klimagassar, seier Carlo Aall i programkomiteen.

  • Menn som gamar

    Blant menn som spelar dataspel, finst det ein maskulin kultur som står i opposisjon til framveksande krav om mangfald og inkludering. I eit nytt forskingsprosjekt med Universitetet i Bergen skal Vestlandsforsking bidra til større innblikk i korleis denne gruppa ser på seg sjølv og samfunnet.

  • Sogn og Fjordane var det første fylket ut med ei samling klimatilpassingseksempel på regjeringa sin nye portal, klimatilpassing.no. Stoffet vart samla inn av Vestlandsforsking i 2008, og er no publisert i eit notat.

  • Tema for konferansen var IKT - ein sentral brikke i kvalitetsutvikling, prioritering og samhandling til pasienten sitt beste og vart arrangert i Arendal av samarbeidande miljø i Danmark, Sverige og Noreg. Konferansen sitt føremål er å stimulere til erfaringsutveksling, samarbeid og nettverksdanning innan utvikling, implementering, bruk og vurdering av informatikk i helsesektoren i Skandinavia.