Pilotfylke for nettportal om klimatilpassing

Sogn og Fjordane var det første fylket ut med ei samling klimatilpassingseksempel på regjeringa sin nye portal, klimatilpassing.no. Stoffet vart samla inn av Vestlandsforsking i 2008, og er no publisert i eit notat.

Eksempelsamlinga frå ulike fylke og sektorar skal fungere som ei inspirasjonskjelde for kommunar, verksemder og andre som skal drive tilpassingsarbeid. Målet er å vise veg til informasjon om konsekvensar av klimaendringar og kva slags tiltak ein kan vurdere å setje inn mot desse endringane i åra framover. Innsamlinga Vestlandsforsking utførte var bestilt av det tverrdepartementale programmet Klimatilpasning Norge som har sekretariatet sitt i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Portalen klimatilpasning.no er integrert i regjeringa sine heimesider. Nokre av tilpassingsemna:

  • Reiseliv: Omstilling frå breføring til andre opplevingsprodukt
  • Landbruk: Rekordtidleg førsteslått
  • Veg: Frå tørrsnøskred til våtsnøskred
  • Bustad: Klimarobuste hus
  • Digitalisering: Verdien av å få skredarkiv ut på nettet