Civilclim på ny nasjonal portal om klimatilpasning

Civilclim på ny nasjonal portal om klimatilpasning
23. mars 2009 lanserte Miljøvernministeren ein ny nasjonal portal om ulike tema innan klimatilpasning. Vestlandsforsking har bidrege med ein del av artiklane,meir her: Klimatilpasning - Sogn og Fjordane

Poster-presentasjonar om CIVILCLIM
Hausten 2009 har CIVILCLIM blitt presentert med poster på konferansar i Noreg og Nederland.

Idun A. Husabø og Kyrre Groven ved Vestlandsforsking presenterte ein poster på Norklima-konferansen som Norges forskningsråd arrangerte i Bergen 19.-20.oktober. Posteren gir ein kort omtale av førebelse resultat frå fase 1 og casestudiar som blir gjennomført i Nederland, Sverige og Norge som ledd i fase 2. Saman med to andre bidrag vart posteren til Husabø og Groven nominert i ein posterkonkurranse, der Anita Verpe Dyrrdal frå Meteorologisk Institutt gjekk av med sigeren.

Maya van den Berg ved CSTM, Universitetet i Twente, presenterte ein poster om PhD-arbeidet sitt under den årlege School of Management and Governance PhD day, 6. november 2009, på Universitetet i Twente. CIVILCLIM-casestudien ho utfører i Rotterdam er ein del av det empiriske grunnlaget for doktoravhandlinga hennar. Posteren vart også presentert på nederlandsk under CSTM sitt vass-symposium i Enschede, 2. oktober 2009, og på engelsk under the Friends of Science event, den Haag, 2. desember 2009.