Retningsliner for opphavsrett ved Vestlandsforsking

Bakgrunn

Frå styresmakter nasjonalt og internasjonalt er det aukande merksemd om immaterielle rettar i forskinga. Ein viktig grunn er forventingar om at forskingsresultata i større grad enn tidlegare skal kome samfunnet til gode.

Forskingsrådet har publisert Prinsipper for Norges Forskningsråds rettighetspolitikk, vedtekne i Hovudstyret 24.april 2008. Prinsippa er vedlagde.

Utviklinga av internett som publiseringskanal har også aktualisert behovet for retningsliner for handtering av opphavsrett.

I forhandlingar med oppdragsgjevarar møter vi i aukande grad spørsmål om såkalla «Intellectual Property Rights». Profesjonelle oppdragsgjevarar i næringslivet har ofte klare prinsipp for verksemda på dette området. For å møte desse i forhandlingssituasjonar, har Vestlandsforsking behov for å klargjera ståstaden vår.

Retningsliner datert juni 2009 tek berre opp opphavsrett. Seinare utgåver vil også ta opp andre immaterielle rettar.

Begrepsavklaring og lovgrunnlag

Immaterieller rettar er rettar til intellektuelle prestasjonar eller kjenneteikn, ikkje-fysiske objekt, som er skapte av menneske sin kunnskap og kreativitet.

Opphavsretten til eit åndsverk er regulert av åndsverkslova (åvl). Kunstneriske, vitskapelege og litterære åndsverk er verna av åndsverkslova. Opphavsretten er ikkje avhengig av offentleg registrering. Opphavsretten vernar utforminga og formidlinga av verket, men ikkje bakanforliggande idear, kunnskap eller metodar. Den som skaper eit åndsverk har opphavsrett til verket (åvl. § 1) og vil dersom vilkåra for opphavsrett er oppfylte, få einerett til å utnytte verket frå det er skapt og ut vernetida. Det er den som har «ytt den skapande innsats en» til verket som har einerett til å råde over det (åvl. § 2). Der verket har fleire opphavsmenn/kollektiv innsats, blir opphavsretten delt.

I eit tilsettingsforhold kan arbeidsgjevar få rettar til åndsverket:

«Arbeidsgiveren får rettigheter til åndsverket i den utstrekning det er nødvendig for at arbeidsavtalen skal nå sitt formål» (Ragnar Knoph, 1936)

Overordna mål for Vestlandsforsking

Idé- og verdigrunnlag for Vestlandsforsking definerer ståstaden for instituttet også i høve til opphavsrett og andre immaterielle rettar:

Vestlandsforsking er eit internasjonalt orientert forskingsinstitutt med regional forankring.
Vår visjon er kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.

Vestlandsforsking skal utføre kritisk og uavhengig forsking. Openheit er ein føresetnad for kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling. Høg kvalitet skal kjenneteikne alle delar av verksemda vår.

Instituttet si oppgåve er å forske og formidle. Samfunnet omkring oss forventar at forskingsresultata i størst muleg grad vert spreidde til omverda og bidreg til auka innsikt, nytenking og utvikling både i politikkutforming, forvaltning og verdiskaping. Vestlandsforsking ønskjer med desse retningslinene å avklare spørsmål om opphavsrett både internt og for dei vi samarbeidar med..

Opphavsrett ved Vestlandsforsking

Arbeidstakar har i utgangspunktet opphavsretten til resultat av forskinga som vert definert som åndsverk, jfr. åndsverkslova. Opphavsretten kan også delast der åndsverket er resultat av eit samarbeid.

Vestlandsforsking kan gjennom arbeidsavtale eller anna særskilt avtale gjevast ekstraordinære rettar til forskingsarbeidet.

Vestlandsforsking har opphavsretten til programvare utvikla av tilsette som del av arbeidet (jamfør åndsverkslova § 39g).

Publisering

Vestlandsforsking ønskjer å legge til rette for deling av kunnskap gjennom størst muleg openheit. Vestlandsforsking stimulerer til vitskapleg publisering av forskingsarbeid i velrenommerte vitskaplege tidsskrift. Instituttet ønskjer å støtte opp under publisering i renommerte opne publikasjonar («open access»)  og under opne lisensar slik som Creative Commons.

Forskaren kan med heimel i åndsverkslova velge publiseringskanal og –tidspunkt. Avtale med oppdragsgjevar, samarbeidspart eller andre kan likevel regulere innhald, publiseringstidspunkt og publiseringskanal.

Vestlandforsking vil likevel ha rett til bruk av forskingsarbeida i samsvar med måla for verksemda og for arbeidsforholdet.

Ved publisering av doktorgradsarbeid utført av ein medarbeidar ved Vestlandsforsking, skal instituttet krediterast, ev saman med doktorgradsgjevande institusjon.

All informasjon på www.vestforsk.no eller andre nettsider eigd av Vestlandsforsking, skal i utgangspunktet lisensierast under Creative Commons BY 3.0.

Programvare som er utvikla og eigd av Vestlandsforsking, skal i utgangspunktet gjerast tilgjengeleg  under BSD eller liknande lisens. Lisens med klausul om deling på like vilkår kan også brukast. I tilfelle der produktet er resultat av eit samarbeid med andre organisasjonar og eigarskapen er delt, vil lisensiering bli avgjort ved forhandlingar.

Vestlandsforsking oppmodar til og forventar at medarbeidarar (tidlegare og noverande) som gir ut arbeid der grunnlaget heilt eller delvis er utvikla ved instituttet, i rimeleg grad godskriv Vestlandsforsking. I situasjonar der tilsette ved Vestlandsforsking publiserer arbeid som i stor grad er utført ved annan institusjon, gjeld motsett at dette skal godskrivast den institusjonen i rimeleg grad.