Anna fagleg arbeid 2022

student og rettleiar
Studentar frå sosiologifaget ved Høgskulen på Vestlandet hospiterer hos Vestlandsforsking i sju veker. Hilde G. Corneliussen rettleia bachelorstudent Mathea Endeberg i gjennomføring av ei spørjeundersøking til HVL-studentar om teknologi og kjønn og i analysearbeidet etterpå. (Foto: Idun A. Husabø)

Engasjementet for fag og for samfunnet elles er sterkt hjå tilsette ved Vestlandsforsking. Som følgje av ønskjet vårt om samarbeid på tvers av faggrupper og organisasjonar, utfører forskarane ved instituttet ei rekkje faglege oppgåver i tillegg til forsking.

 

Det gjeld rettleiing av studentar, sensuroppgåver, medlemskap i ulike utval og komitèar, review av artiklar og mykje anna. Nedanfor er eit lite utval av kva tilsette ved instituttet gjer i tillegg til forskargjerninga si. (Sjå elles om populærvitskapleg formidling på eiga side i årsrapporten.)

Carlo Aall

  • Bistilling som professor II i berekraftig utvikling ved Høgskulen på Vestlandet
  • Medlem i berekraftsrådet ved OsloMet
  • Medlem av Nordic Council Environment Prize Committee
  • Rettleiar for tre masterstudentar
  • Rettleiar for to ph.d.-studentar

Halvor Dannevig

  • Rettleiing av tre masterstudentar

Hilde G. Corneliussen

  • Leiar for forskargruppa Kjønn, mangfald og teknologi (VF)
  • Krasjkurs i skriving for Vestlandsforsking 31. august 2022
  • Perspektiv på teknologi og samfunn, førelesing ved HVL for Helse og omsorg og Elektro, september 2022
  • Review av diverse artiklar

Idun A. Husabø

IA og SJ
Inger Auestad og Stein Joar Hegland, 2022 (Foto: Idun A. Husabø)
  • Rettleier forskarar ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet i populærvitskapleg formidling og gir tilbakemelding på tekstar. Økologane Inger Auestad Stein Joar Hegland skriv populærvitskaplege artiklar på forskning.no-bloggen Vill vest og i Sogn Avis.
  • Held ei årleg introduksjonsførelesing i populærvitskapleg skriving for masterstudentar på Climate Change Management ved HVL og er sensor på eksamen i samarbeid med førelesar Stein Joar Hegland. Studentane skriv ein populærvitskapleg artikkel med utgangspunkt i ein publisert vitskapleg artikkel. Kurset heiter Climate Change Ecology og er ein del av det første året på masterutdanninga.
  • Kronikkurs for forskarar i samarbeid med Katrine Sele ved Høgskulen på Vestlandet

Kyrre Groven

  • Groven, K. (2022). Ekstern opponent på sluttseminar for ph.d.-stipendiat Hanna Kvamsås ved Universitetet i Bergen, Geografisk institutt.
  • Birettleiar for ph.d.-stipendiat Karen Richardsen Moberg ved Faktultetet for landskap og samfunn, Institutt for by- og regionplanlegging, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
  • Birettleiar for master-student Amalie Eikeland Vik ved Climate Change Management (120 ETCS), Høgskulen på Vestlandet, Institutt for natur- og miljøvitskap.
  • Oppført som ekstern sensor på NTNU, Geografisk institutt, i perioden 2022-2025.
    Abid Raja på campus
    Abid Raja (V) vitja Campus Sogndal i april 2022. Her helser han på Carlo Aall. (Foto: Idun A. Husabø)
  • September 2022: Spurt om å vere birettleiar for ph.d.-stipendiat Ingrid Knutsdotter Koren ved Høgskulen på Vestlandet på den første vitskaplege artikkelen i avhandlinga hennes (miljøhistorisk artikkel om haldningar til myrer og våtmarker blant nordmenn frå 1900 til i dag).
  • April 2022: Fagfellevurdering for Ambio – A Journal of Environment and Society (Springer
  • Medlem av ekspertkomite, saman med leiar Simon Neby (UiB) og Marianne Ryghaug (NTNU), som våren 2022 vurderte søkarar til postdoktor-stilling ved CET, Geografisk institutt, Universitetet i Bergen
  • Arrangør av konferansen «Vilkår for berekraftig tettstadutvikling», Sogndal, 26.-27. september 2022 (sluttkonferanse for MILJØFORSK-prosjektet Surround).

Svein Ølnes

  • Ekspertvitne i rettssak i Oslo tingrett, Magnus Granath (‘Hodlonaut’) vs. Craig Steven Wright, Open rettssal. Videofilma av Bitcoin Magazine. 15.09.2022
  • Emneansvarleg for kurset «Digitale pengar for framtida» ved HVL, våren 2022. Kurset er retta mot bank- og finanssektoren og byggjer på det opne Bitcoin-kurset eg har halde sidan 2018. Rundt 35 deltakarar
  • Ei rekkje podkastar med intervju av diverse gjester som del av det ovannemnde kurset.
  • Track Chair dg.o 2022 (som eg også har vore sidan 2018). Det inneber arbeid med tilrettelegging av spor (track) for blokkjede-relaterte artikkelbidrag til den årvisse konferansen dg.o (Digital Government Society)
    skrivedag hilde 2022
    Forskingsleiar Hilde G. Corneliussen er blant dei som publiserer mykje ved Vestlandsforsking. Her frå eit kurs i vitskapleg publisering i 2022. (Foto: Idun A. Husabø)
  • Utvikling og undervising av Bitcoin- og kryptovalutakurs ved NTNU, i samarbeid med professor Arne Krokan.
  • Aktiv på Twitter, der han har meir enn 4.500 følgjarar

 

Torbjørn Selseng

  • Sensur, rettleiing – FE409 metodekurs for fornybar energi, HVL, sensor

Tara Botnen Holm

  • Birettleiar for masterstudent, HVL