Prøver ut friluftsliv som terapi i Polen

Kan eit par netter i telt og rundt leirbålet gjere ei skilnad for menneske som er i ein vanskeleg livssituasjon, som slit med å meistre kvardagen eller er einsame? Ein polsk organisasjon prøver ut norsk-inspirert friluftsliv som ei form for gruppeterapi. Kunnskapen om friluftsliv hentar dei mellom anna frå Vestlandsforsking.
– Eg har ikkje følt meg slik på mange år, sa den polske kvinna etter ei natt i hengekøye i skogen utanfor Warszawa.
– Eg trur alle burde prøve ein slik tur minst ein gong i livet, for mykje opnar seg her. Eg får frysningar berre av å snakke om det, sa ei anna.

Til saman var åtte kvinner med på turen. Dei hadde pakka sekkane sine, bore den til leirplassen, laga mat og prata i lag, under leiing av tre turleiarar. Rundt leirbålet delte kvinnene historier om kvardagsslit og stressande liv, samlivsbrot eller jobbyte – alt det vanskelege som var grunnen til at dei melde seg på turen.
– Det er første gongen eg har opna meg så mykje i ei gruppe. Eg fortalde ein heil del om meg sjølv, òg om vanskelege tema, sa ei av dei som deltok på overnattingsturen.
Ei slik forløysing er sjølve målet med konseptet. Stiftinga som prøver det ut i Polen er Center for Innovative Education (CIE) i Warszawa. Fagmiljøet ved senteret har stor tru på utandørsopplevingar som lågterskelterapi for folk som av ulike grunnar har det vanskeleg. Akkurat denne turen retta seg mot kvinner i 20- til 40-åra som stod utanfor utdanning, arbeid og opplæring eller hadde eit ønske om å endre på noko i livet sitt.
Ikkje mykje skil opplegget frå ein vanleg overnattingstur, men denne gruppa hadde med seg tre rettleiarar, der to av dei er psykologar og ein miljøutdanna. Rettleiarane planla turen og la til rette for gode gruppe- og læringsprosessar, mellom anna gjennom daglege samlingar rundt bålet og individuelle samtalar med ein fast rettleiar kvar kveld.

Manglar kultur for friluftsliv
Med for å observere var òg to forskarar frå Vestlandsforsking. Anna Maria Urbaniak-Brekke og Kristin Løseth har det siste året samarbeidd med det polske fagmiljøet om «outdoor learning» gjennom eit EØS-støtta fou-prosjekt. I mars tok dei imot prosjektpartnarane i Sogndal for å gje dei ei innføring i friluftsliv, både som folkeleg fritidsaktivitet, som høgskulefag og som ein arena for å jobbe med vanskelegstilte grupper.
Anna Maria, som sjølv kjem frå Polen, forklarer kvifor ei slik opplæring var nødvendig:
– I Polen driv folk lite med det vi tenker på som vanleg, lågterskel friluftsliv. Det er få som overnattar eller lagar mat utandørs.
Mindre struktur i Noreg
Den polske samarbeidspartnaren henta først inspirasjon og erfaringar frå Skottland, der utandørs gruppeterapi, eller «outdoor learning» er prøvd ut gjennom fleire år, og let seg inspirere av den såkalla «Edinburgh-modellen». Den har eit tredelt mål for slike turar: Du skal få eit betre forhold til deg sjølv, til gruppa og til naturen. Timeplanen er heller stram, og meistring av ulike oppgåver står sentralt.

– I Norge introduserte vi dei for Trygg av Natur, ein ideell organisasjon som jobbar særskilt mot born og unge med utfordringar, fortel Kristin.
Trygg av Natur legg vekt på tillit og omsyn til gruppa framfor reglar, og at deltakarane skal vere med å ta avgjerder og kjenne på at dei har handlingsrom. I deira opplegg har rettleiarane ei meir tilbaketrekt rolle.
Avbrekk frå travle liv
Dei polske rettleiarane fekk litt å tenke på etter opphaldet i Noreg og valde å tone ned den strenge strukturen og gje deltakarane meir handlingsrom. Dette vart godt motteke av deltakarene på turen i Warszawa. Ei av kvinnene sa det slik:
«Det eg likte best, var at det ikkje var nokon plan, at alt berre skjedde av seg sjølv. For første gong i livet kjende eg at eg ikkje var nøydd til å gjere noko. Eg tek med meg dette vidare, for det var ein av dei viktigaste erfaringane for min del. Eg var ikkje klar over kor mykje det tyngder meg, men heile livet har eg heile tida vore nøydd til å gjere noko.»
– Kvinnene på turen levde veldig travle liv. Difor opplevde dei den norske måten – med ein mindre streng plan – som eit pluss. Det var godt for dei å ha mindre plikter, seier Anna Maria.
Overraskande stor effekt
Det som overraska forskarane, var at kvinnene som deltok på overnattingsturen fekk så mykje ut av så lite, rett i utkanten av ein storby.
– Vi var i lag i fire dagar. Fleire av kvinnene hadde ingen erfaring med å overnatte ute, men dei stortreivst verkeleg. Kombinasjonen av gode naturopplevingar, ei gruppe der dei kunne vere trygge på kvarandre, og moglegheit til å reflektere over eigne utfordringar med ein rettleiar, gjorde dei godt.
No skal dei to Sogndal-baserte forskarane analysere intervjua dei gjorde med kvinnene og finne ut meir om opplevingane deira. Vestlandsforsking skal òg hjelpe CIE med å lage eit pensum for kommande rettleiarar som skal ha med seg grupper ut i Polen.

Supplement til pressa helsevesen
I Noreg har friluftsliv blitt nytta i ulike former inn mot terapi. Meir systematisk har det mellom anna vorte nytta opp mot kreftpasientar, ungdom med eteforstyrringar, pasientar i rus og psykiatri og som integreringsarena for ungdom og kvinner med innvandrarbakgrunn. Nyleg kom det ut ei fagbok om temaet, «Utendørsterapi – en introduksjon» som oppsummerar dei norske erfaringane på fagfeltet. Sjølv om akkurat dette fou-prosjektet har fokus på utprøving i Polen, er forskarane positive til at fleire her til lands brukar naturopplevingar for å gjere livet betre for folk.
– Med eit pressa helsevesen og veksande utfordringar knytt til psykisk helse, bør vi vere opne for alternative terapiformer som kan gje folk auka livskvalitet. I naturen finn ein ro, og det er ein god arena for å knyte tette band med andre, avsluttar Kristin Løseth.