Tre stipendiatar med oppvekst i Sogn

Tre unge forskarar utandørs
I 2023 er Vestlandsforsking i den heldige situasjonen å ha tre stipendiatar, alle med tilknyting til regionen. Frå venstre: Bjørn Christian Weinbach, Torbjørn Selseng og Tara Botnen Holm. Foto: Idun A. Husabø

– Det er litt kjekt at me er tre i ein slik situasjon, seier stipendiatane Tara, Torbjørn og Bjørn Christian. Dei tre er i gang med kvar sin doktorgrad ved Vestlandsforsking. Takka vere nye doktorgradsprogram ved Høgskulen på Vestlandet, kan dei ta kursa sine lokalt.

Den høgste graden du kan ta ved ein høgskule eller eit universitet, er doktorgraden, eller philosophiae doctor, forkorta til ph.d. I praksis er det ei treårig forskarutdanning for dei som vil kvalifisere seg for vitskapleg arbeid og forsking. Ved Vestlandsforsking er det eit mål at dei som jobbar som forskarar gjennomfører eit slikt løp parallelt med ein viss andel oppdragsforsking. Det er blitt langt enklare etter at Høgskulen på Vestlandet oppretta fleire doktorgradsprogram der kandidatar som Tara, Torbjørn og Bjørn Christian kan søke opptak og ta dei nødvendige kursa.

Tara på Grønland
Tara sitt forskarnettverk har alt internasjonale innslag. Her frå ein talentlaben i Nuuk i 2022.

Vestlandsforsking er nett no i den heldige situasjonen at instituttet ikkje berre har tre unge tilsette som tek doktorgrad parallelt; dei tre har òg bakgrunn frå Sogn: Både Torbjørn Selseng og Bjørn Christian Weinbach kjem frå Sogndal, medan Tara budde i bygda Luster i oppveksten.

Framtidas energisikkerheit

Tara hadde ingen planar om å vende heim til barndomstraktene, men vart kjend med Vestlandsforsking gjennom prosjektsamarbeid medan ho var klimakoordinator i Rogaland fylkeskommune. Ho tykte folka var trivelege og temaet interessant, og bestemde seg for å prøve seg som forskar i Sogndal.

I 2022 var ho med på ein søknad som kunne innebere finansiering av ein doktorgrad, og slik gjekk det. Prosjektet, med ei ramme på 12 millionar kroner, skal ta for seg spørsmål kring fysisk klimarisiko når vi i framtida hentar det meste av energien vår frå sol, vind og vatn. Tildelinga er på 12 millionar kroner.

Stort energiprosjekt med nytt doktorgradsstipend

Arktis under lupa på talentlab

Eit felles språk for klimatilpassing

Torbjørn kom til Vestlandsforsking etter at sambuaren nokså tilfeldig fekk jobb i heimbygda hans. Flyttinga vart òg ein sjanse til å ta meir utdanning, og han gjekk klimamasteren ved Høgskulen på Vestlandet, der fleire av klima- og miljøforskarane ved Vestlandsforsking er gjesteførelesarar. Særleg kvantitativ metode og forskingsdesign tende ei gnist i studenten, og han fekk snart tilbod om å vere trainee ved Vestlandsforsking på feltet klimatilpassing, som han no tek doktorgrad i.

klimamonitor
Torbjørn har leidd arbeidet med tenesta Norsk klimamonitor, som samlar og deler data om klimatilpassing. Foto: Idun A. Husabø

– Kommunane våre er delt opp mindre einingar som alle putlar med sitt. Nokon har ansvar for byggesaker, nokon for arealplanar, nokon for landbruk, nokon for at me skal ha reint vatn i springen, osb. Dei komande tiåret er samfunnet nøydde til å sko oss for eit endra klima med villare og varmare ver, og mykje av den jobben skal gjerast av kommunane. Men sidan dei er oppdelt i mindre einingar, som alle er spesialistar på å sitt felt, kan det bli vanskeleg når ei oppgåve krev at folk frå dei ulike avdelingane i kommunen snakkar og jobbar saman. Mitt prosjekt handlar om å få dette samarbeidet til å fungere, forklarer han.

Torbjørn bur no eit steinkast frå Campus Sogndal med kone, barn og hund.

Torbjørn kom som trainee. No er ei ny stilling lyst ut

Lynrask trainee

Kunstig intelligens

Bjørn Christian kom til Vestlandsforsking gjennom ein sommarjobb for prosjektet Teknoløft Sogn og Fjordane, som instituttet har saman med Høgskulen på Vestlandet. Etter ei utveksling til Uppsala og avslutta mastergrad i datavitskap, byrja han i 2022 i ei vanleg forskarstilling knytt til teknologi- og samfunnsgruppa. Temaet han jobbar med er kunstig intelligens, og korleis denne teknologien kan brukast til å kjenne att objekt, til dømes køyretøy eller dyr. Han er programmerar av fag, og programmering blir viktig i doktorgradsarbeidet.

unge forskarra presenterer
Bjørn Christian og kollega Malin held innlegg på Innovasjonsdagane i Sogn. Foto: Øyvind Heimset Larsen

Som den yngste av dei tre stipendiatane og fersk frå universitetet, har han nyleg flytta heim att. Å komme attende til Sogndal har vore eit langtidsmål for Bjørn Christian. Det er her han kjenner tilhøyrsle og har familie.

– Det betyr òg mykje for meg å leve tett på naturen. Den har stor verdi for meg og er noko eg tykkjer må vernast om.

Prøver ut forskarjobb i sommarferien

Deler ein glød for data

 

Les meir om den tre stipendiatane i Sogn Avis