Noradapt på Technoport 2020

Foto Technoport 2020
Årets utgåve av Technoport-konferansen har fokus på teknologi og tilpassing til klimaendringane.

Noradapt, eit nasjonalt senter for klimatilpassing leidd av Vestlandsforsking, skulle i år ha vore med på å arrangere Technoport 2020. Konferansen samlar over 700 deltakarar og skulle i år ta opp korleis vi kan ta i bruk teknologi for å tilpasse samfunnet til klimaendringane.

Technoport 2020 var planlagt å føregå i Trondheim 25.mars. Hovudarrangøren er Foreningen Technoport, ein Trondheims-basert medlemsorganisasjon som jobbar for å fremje forskingsbasert, teknologisk innovasjon ved å skape «unike møteplassar for entreprenørar, akademikarar, næringslivsleiarar, investorar, studentarar og drøymarar».

Blant medlemmane finn ein NTNU og SINTEF. I tillegg til Noradapt er teknologiselskapa Telenor og ABB partnarar for 2020-konferansen, som ville ha vore er den femte i rekkja om ikkje korona-viruset førte til avlysing.

 

Teknologi og klima

I løpet av ein intens konferansedag, samlast folk med ulik inngang til teknologi og årets klima-tematikk til foredrag, samtalar, utstillingar og ulike typar nyskapande samarbeid. Noradapt er samarbeidspartnar for årets konferanse på bakgrunn av temaet, «deep tech and climate resilience».

Kort sagt handlar det om korleis vi kan takle klimaendringane ved hjelp av ny teknologi, som robotteknologi og kunstig intelligens.

 

Vestlandsforsking med fleire bidrag

Heilt sidan etableringa av Noradapt, har senterleiinga lagt vekt på å kome i tettare kontakt med privat sektor, som òg vil bli nøydd til å gjere grep for å takle klimaendringane.

Portrett av Torunn Hønsi
Torunn G. Hønsi, toksikolog og brukarkontakt i Noradapt

- Technoport ville ha vore ein flott arena for å lukkast til akkurat dette, seier brukarkontakt i Noradapt, Torunn Hønsi.

Med seg til Trondheim skulle ho ha hatt fleire kollegaer frå Vestlandsforsking og Noradapt, alle med bidrag til programpostar på konferansen: eit frukostmøte, ein «skill lab» og eit hovudinnlegg om klimaendringar og miljøgifter. I tillegg skal Noradapt gjennomføre intervju om klimatilpassing med deltakarar frå næringslivet, i tillegg til eit eige arrangement med konsulentbransjen om rolla deira overfor kommunane på området klimatilpassing.

 

TED Talk

Technoport er ein over snittet teknologi-smart konferanse, og det høyrer med til arrangørane sitt opplegg å gjere viktige innlegg tilgjengelege på nettet i form av TED Talks, slik at gode tankar og idear kan nå ut til fleire.

Forskar Torunn G. Hønsi skulle halde eit innlegg av denne typen 25.mars. Arrangøren omtalar Hønsi sin TED talk slik: «Rising temperatures and increased rainfall will threaten our most precious resource: Water. Torunn will show us how our drinking water and oceans won't be the same».

Eit endra klima trugar vasskvaliteten både i sjø- og ferskvatn. I tillegg spelar havforsuring og anna ureining negativt inn. Hønsi vil prøve å motivere teknologar på konferansen til å ta initiativ til å utvikle nye metodar og teknologi som kan førebyggje skadelege effektar og tilpasse samfunnet til eit endra klima.

Noradapt sine andre programpostar

Frukostmøte: Klimaforskar og senterleiar i Noradapt, Carlo Aall, skulle bli intervjua av Snorre Valen, leiar i Foreningen Technoport, saman med andre paneldeltakarar. Temaet er utforming av klimapolitikk. Kvifor er vi ikkje komne lenger, med alt vi veit om situasjonen vi står i?

 

Skill lab: På «skill labs» lærer ein bort noko andre kan ha nytte av. Marta Jansen ved Vestlandsforsking var meint å demonstrere såkalla verknadskjede-analyse (impact chain analysis), ein ny metodikk for planlegging og risikoanalyse av konsekvensar av klimaendringar.

 

Kafédialog med konsulentbransjen: Mange kommunar set vekk viktige delar av grunnarbeidet for å klimatilpasse lokalsamfunna våre. Dette er bakgrunnen for at Noradapt inviterte fleire konsulentfirma til kafédialog om klimatilpassing. Rundt småborda, og ved hjelp av fleire kafévertar frå Noradapt, skulle deltakarane drøfte spørsmål knytt til arbeidet konsulentselskapa gjer for kommunane, som desse: “Kvar ser de manglar i kommunane sin bestillar-kompetanse innan klimatilpassing?” og “Kva ambisjonar har de innan klimatilpassing?”.

Dialogmøtet vart arrangert via nettet på den planlagde datoen.

 

App-intervju: Under Technoport 2020 skulle Noradapt òg ha gjennomført korte forskingsintervju med representantar for konsulentbransjen og næringslivet. Spørsmåla frå forskarane skulle svarast på via ein eigen app og handlar om kva for erfaringar dei har med klimatilpassing og klimatilpassingsteknologi. Kva tenkjer folk i næringslivet om klimarisiko og klimatilpassing, og kva slags behov har ein for ny kunnskap, kompetanse eller politikk?