Klimatilpassingsteknologi - potensiale for næringsutvikling og nasjonal møtearena i Sogn
Vestlandsforsking har på oppdrag frå Sogn Regionråd gjort ei utgreiing om klimatilpassingsteknologi kan gje potensiale for regional næringsutvikling og gjere Sogn til ein nasjonal møtearena på området. Kunnskapsframstillinga vår viser at dei fleste kommunane i Sogn har med omsyn til framtidige klimaendringar i sine kommunale planverk. I næringsarbeidet finn vi at kommunale planverk og verkemiddel kan leggje meir til rette og stimulere meir til tiltak og teknologiutvikling for å redusere klimarisiko for næringslivet og/eller samfunnet. Datagrunnlaget vårt viser eit særleg potensiale for næringsutvikling og auka verdiskaping i Sogn, innan næringar som landbruk, vatn/avløp/renovasjon og plan/prosjektering/bygg og anlegg. Tenesteytande kompetanseverksemder som beherskar diverse mogleggjerande teknologiar som digitalisering, robotisering, kybernetikk, droneteknologi, big data modellering vil også kunne yte tenester, løysingar og produkt for klimatilpassing, sjølv om dei i liten grad driv med slike oppgåver i dag. Kvalitetar som gjev Sogn i stand til å kunne ta ei leiande rolle og bli ein nasjonal møtearena innan klimatilpassingsteknologi er: ein aktiv fylkeskommune innan næringsutvikling og klimaomstilling, godt og nært samarbeid mellom kommunar, næringslivet, verkemiddelapparatet, fylkeskommune og regional stat, årleg nasjonal klimaomstillingskonferanse i Sogndal, stor satsing på kunnskapsproduksjon innan miljø, klima og teknologi, det nye nasjonale klimatilpassingssenteret Noradapt, lagt til Vestlandsforsking i Sogndal.