Foto av prosjektdeltakarar
Oppstartmøtet i Unchain gjekk føre seg i Wien 12.-13. september 2019.

Vestlandsforsking har nyleg starta eit nytt forskingsprosjekt der klimarisiko og lokalkunnskap står sterkt. Det første møtet mellom forskarane frå sju ulike land, fann stad i Wien 12.-13. september.

Det nystarta forskingsprosjektet Unchain legg opp til å gjere førebygging av klimarelaterte hendingar meir treffsikker.

Ein ny metode for dette skal prøvast ut av forskarar gjennom det internasjonale prosjektet, som starta opp 12.-13. september med eit møte i Wien. Carlo Aall og Marta Karoline Jansen frå Vestlandsforsking skal leie prosjektet.Forskingspartnarane kjem frå Nederland, Tyskland, Spania, Austerrike, Sverige og Frankrike. Noradapt-partnar Nordlandsforsking er den andre norske aktøren i prosjektet.

– Prosjektet har ein sterk fagleg partnarskap som skal gjennomføre 12 delprosjekt i dei ulike landa. Her er dei fleste økonomiske sektorar og typar problemstillingar på området klimatilpassing representerte, fortel Carlo Aall.

Større vekt på brukarane

I fleire land opplever ein no langt oftare dramatiske og farlege naturhendingar. Eit døme er jordskreda i Jølster i juli 2019 som heilt uventa vart utløyste over eit bustadområde av kraftig nedbør. I Norge har kommunane plikt til å skaffe seg oversikt over risiko og sårbarheit og prøve å førebygge denne typen hendingar, delvis ved hjelp av ekspertar og forskarar, men det har vist seg stadig meir krevjande å forutsjå kor og når ting vil skje.

Det ein vil gjere i Unchain-prosjektet er å tenke nytt om prosessen for å prøve å gjere førebygginga meir treffsikker. Ideen er at forskarar og kommunar i større grad skal involvere “brukarane”, altså folk som bur i eit område eller driv verksemder som kan bli råka av hendingar. Intensjonen viser att i den fulle prosjekttittelen, som er «Unpacking climate impact CHAINs. A new generation of action- and user-oriented climate change risk assessments». Tittelen understrekar nettopp tanken om at fleire enn før skal trekkast inn i førebygginga.

Lokalkunnskap må med

Å byggje kunnskap på tvers av skiljet mellom samfunn og akademia er eit ideal som er på frammarsj, ikkje minst fordi ein ser kor stor verdi det har å sikre større «bakkekontakt».

– Oktoberflaumen i 2014 råka mellom anna det nye kulturhuset på Voss, og i ettertid fann vi ut at skadane kunne blitt vesentleg mindre viss kommunen og NVE hadde studert gamle kyrkjebøker, der flaumhendingar frå 1700-talet var dokumenterte. Denne lokalkunnskapen ville ha ført til ei anna plassering av kulturhuset, seier Aall.

I dag er NVE er i ferd med å utvikle retningsliner for korleis dei kan dra nytte av denne typen lokalkunnskap i utarbeiding av lokale flaumsonekart.

Case-studiar i fleire land

Forskarane i dei ulike landa skal gjennomføre fleire case-studiar som skal skaffe grunnlag for utviklinga av den nye metoden. Case-studiane skal gå føre seg i fleire av landa forskarane kjem frå, mellom anna Austerrike, der ein i 2018 opplevde rekordvarme over lang tid og alvorleg tørke. Særleg landbruket vart påverka, og framskrivingar viser at slikt kan komme til å skje oftare i regionen. Forskarane skal sjå nærare på avgjerdsprosessar og tilpassingstiltak knytt til tørken. Dei tek for seg heile spennet, frå den enkelte garden til nasjonalt nivå.

Andre casestudiar tek for seg klimarisiko i samband med toginfrastruktur i Nederland, matproduksjon og reiseliv i Norge, skogbruk i Sverige, næringsliv langs Rhinen i Tyskland, kritisk infrastruktur i Tyskland og sydenturisme i Balearane i Spania. Bangladesh er òg med i ein av studiane. 

Unchain er av prosjekttypen European AXIS Joint Call for Transnational Collaborative Research Projects, og har eit samla budsjett på 20 millionar kroner. Av desse går 3,2 millionar kroner til Vestlandsforsking.