Ein metode for alle

Unchain map partners

Ein ny metode gjer det enklare å analysere klimarisiko saman med folk frå lokalsamfunna det handlar om. Arbeidsforma gjer det òg enklare å finne fram til tiltak som kan dempe risikoen.

Framfor eit stort kart over Rogaland sit forskarar, førelesarar og rådgjevarar frå to fylkeskommunar og tenker så det knakar. Hender går i veret, lappar blir skrivne, festa til ei tavle og flytta på. 

Det handlar skogbrann på øya Ombo i Ryfylke. Eit tenkt, men ikkje usannsynleg tilfelle av ein type naturhending som kan få store følgjer. Spørsmålet er kva slags faktorar, ut over tørke, vind og varme, som har gjort Ombo så utsett for brann at ei krise kan oppstå og utvikle seg. For å forstå det, må folk som kjenner øya godt vere med i diskusjonen.

Marc Zebisch frå Eurac Resarch framfor tavla der analysen av klimarisikoen skogbrann er i ferd med å få kjøt på beinet. Til høgre: kartet over Rogaland. Den gule lappen viser plasseringa av øya Ombo, som deltakarane på arbeidsverkstaden tok for seg.

Marc Zebisch frå Eurac Research framfor tavla der analysen av klimarisikoen skogbrann er i ferd med å få kjøt på beinet. Til høgre: kartet over Rogaland. Den gule lappen viser plasseringa av øya Ombo, som deltakarane på arbeidsverkstaden tok for seg.

 

Kartlegge for å tilpasse

Svara den vesle gruppa kjem fram til, kan om ønskeleg brukast til å redusere faren for skogbrann i den verkelege verda, dersom dei rette innsiktene vart skrivne inn i planar og omsette i konkrete, førebyggande tiltak som betre skogskjøtsel.

Ei viktig innsikt som kjem godt fram med denne metoden, er at det ikkje er klimaendringane åleine som gir oss fleire naturkatastrofar. Samfunnsendringar verkar òg inn, til dømes attgroing, og bak det igjen lurer årsaker som mindre beiting. Det same gjer måten folk ter seg på i naturen og kor mange som ferdast i eit bestemt område eller til dømes byggjer hytter der. Når vi skal tilpasse oss eit klima med større naturgitt fare for skogbrann, blir det viktig å sjå på alle bakanforliggande faktorar som bidreg til at uønskte hendingar oppstår eller får eit visst omfang.

– Ved å setje fingeren på desse faktorane, kjem ein lettare i gang med tilpassingstiltak, seier Marc Zebisch frå Eurac Research i Bolzano, som var i Sogndal 16. oktober for å demonstrere arbeidsmåten i praksis.

Lokalkunnskap viktig                                                                                                       

Tidlegare var det vanleg at forskarar analyserte klimarisiko utan særleg medverknad frå grasrota eller representantar for stadene det var snakk om. Det flotte med metoden impact chain, er at lokalkunnskapen og menneske frå lokalsamfunnet det gjeld, får ei viktigare rolle i kartlegginga. Fordi metoden er så lettfatteleg, er det enkelt for folk med ulik bakgrunn å utføre analysar i lag.

Vestlandsforsking skal prøve ut arbeidsmåten gjennom Unchain, eit EU-finansiert prosjekt leidd av Carlo Aall, senterleiar i Noradapt og forskar ved Vestlandsforsking. Arbeidsverkstaden i Sogndal var ei oppvarming til forsking som skal skje i tida framover.

– Vi kjem til å prøve ut metoden på 12 utvalde case i sju europeiske land, fortel Marta Jansen, som deltek i prosjektet saman med Carlo Aall.

Turistreiser til og frå Flåm

Vestlandsforsking skal analysere klimarisiko knytt til transport av turistar til og frå Flåm. Med ein million besøkande i året, stupbratte fjellsider, smale fjordarmar og tronge tunnelar, er det mykje å ta av når fantasien skal setjast i sving saman med lokalkjende deltakarar.

 – Ved å sjå om att på tidlegare analysar av klimarisiko gjennomført i Flåm, kan vi kanskje betre forstå sårbarheit i naturbaserte turistnæringar og peike på betre måtar å tilpasse seg klimaendringane lokalt, seier Jansen.

Rettleiing av kommunar

Rogaland fylke skal òg under lupa, og fylkeskommunen er difor involvert i denne delen av prosjektet. Forskarane skal saman med deltakarar frå fylket kartlegge klimakonsekvensar og sårbarheit i Rogaland, og håpar fylkeskommunalt tilsette kan bruke den same metodikken når dei seinare skal rettleie kommunane i lokale risikokartleggingar.

– Rogaland fylkeskommune ser for seg dette som eit godt verktøy i arbeidet med å analysere klimarisiko i store og små kommunar i fylket, oppsummerer Jansen, som stod for oppkoplinga av deltakarane som medverka frå Stavanger og dei som møttest fysisk i Sogndal.

Brukt i Asia

Rammeverket Eurac Research bidreg med i Unchain-prosjektet er fleksibelt, og opnar for å legge inn all slags risiko-relatert informasjon i modellen. Det betyr at ein òg kan ta med risikoen og sårbarheit som ikkje er talfesta på nokon måte. Sjølv har instituttet, som ligg i Sør-Tyrol i Italia, prøvd ut metoden i land som Bangladesh, Tadsjikistan, og Aserbadsjan.

Analyseprosessane Zebisch fortalde om på arbeidsverkstaden i Sogndal, tok bortimot eit halvt år i tid, og munna ut i eit omfattande grunnlagsmateriale om risiko og mogleg klimatilpassing. Metoden fungerer òg godt i mindre skala, meiner han.

– Enkelt og effektivt!

Dei som var med på å prøve metoden under rettleiing frå Zebisch, var svært nøgde både med innføringa og testinga. Mange understreka at det tok kort tid å skjøne metoden, og at det ikkje skulle så mykje innsats til før ein fekk fram verdifull kunnskap.

Også forskarar som har jobba lenge innan klimatilpassing i norske kommunar, tykte den nye tilnærminga var givande og vil ta erfaringane vidare i arbeidet sitt.

– Metoden er god når det gjeld å involvere alle slags aktørar i analysearbeidet. Sjølv personar utan stor kompetanse på klimatilpassing vil kunne bidra effektivt i dette arbeidet, seier Jansen. 

Deltakarar frå Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune (via Skype) og Høgskulen på Vestlandet utførte analysen av tilfellet “skogbrann på øya Ombo” med enkle hjelpemiddel: ei tavle med kart og handskrivne lappar som vart flytta på eller skrivne på nytt etter kvart som det kom fram nye nyansar og samanhengar.

Deltakarar frå Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune (via Skype) og Høgskulen på Vestlandet utførte analysen av tilfellet “skogbrann på øya Ombo” med enkle hjelpemiddel: ei tavle med kart og handskrivne lappar som vart flytta på eller skrivne på nytt etter kvart som det kom fram nye nyansar og samanhengar.