"Karen Richardsen Moberg"
Karen R. Moberg held innlegg på den nasjonale konferansen om klimaomstilling i Sogndal, 24.-26. april

Skal Norge nå klimamåla i Paris-avtalen, må styresmaktene pålegge oss lågare forbruk. Det viser forsking Karen R. Moberg la fram på klimakonferansen i Sogndal denne veka.

Aktuelt

Av Idun A. Husabø

Ein gong i året gir FN ut ein rapport som kan ta motet frå dei største optimistane iblant oss. Dokumentet tek pulsen på klimainnsatsen i verda ved å rekne ut eit nokså ubehageleg tal: spriket mellom klimakutta kvart land oppnår med dagens tiltak og kutta som eigentleg skal til for å nå måla i Paris-avtalen. I reknestykket inngår ein viss innsats frå meg og deg, i form av små, velmeinande dytt frå den store staten.

– Fjorårets rapport frå FN viste dessverre at gapet framleis er stort, seier forskar Karen R. Moberg ved Vestlandsforsking. På den nasjonale konferansen Klimaomstilling 2018, som Vestlandsforsking arrangerer saman med fem andre aktørar i Sogn og Fjordane, viste ho deltakarane korleis kvardagsutsleppa frå vanlege heimar er ein del av det store utsleppsbildet, og difor blir nøydd til å vere ein del av løysinga. Vestlandsforsking har stått for den norske delen av det internasjonale forskingsprosjektet «Hope», som går ut på å undersøke korleis folk stiller seg til å endre forbruket sitt i klimavenleg retning.

Sidan 2015 har forskarar frå Vestlandsforsking saman med kollegaer i Sverige, Tyskland og Frankrike gått inn på den heimlege sida av klimaspørsmålet, kvardagen vår, der tiltaka frå styresmaktene til no har vore avgrensa. Det kinkige er at også vi, innbyggjarar flest, ser ut til å nøle med endringar som verkeleg svir.

Det betyr at vi går med stødige steg mot oppheting av kloden på over 1,5 grader –  ein situasjon verdas fremste klimaforskarar har skildra som farleg, sjølv om det først råkar andre delar av verda enn vår.

– Ein hovudkonklusjon i forskinga vår er at vi ikkje kjem til å få kutta nok utslepp frå private husstandar dersom vi skal basere oss på frivilligheit, seier Moberg.

Intervju i 300 husstandar

I jakta på innsikt i vanar og tankar, har forskarane i EU-prosjektet gått oss tett på livet.

I byane dei undersøkte – Bergen, Umeå, Mannheim og Pays d’Aix – fann forskarane fram til 309 husstandar der folk var villige til å svare på nærgåande spørsmål om livsstil og forbruk. Intervjupersonane starta med å fylle ut eit spørjeskjema om alt frå matvanar til utanlandsferiar. Seinare tok dei imot «dommen» om korleis livsstilen deira belasta klimaet. Ville framtida tole forbruket deira?

– Mange var veldig overraska over å finne ut kor store utslepp livsstilen deira står for. Overraskinga gjaldt særleg flyreiser og bilkøyring – men òg mat, og særleg kjøtforbruk, fortel Moberg.

Store grep sit langt inne

Det neste forskarane gjorde, var å møte medlemmer av kvar husstand for å spele eit såkalla «klimaspel» eller ei simulering av kutt i eige forbruk. På bordet mellom seg og intervjupersonen legg forskaren eit knippe kort med tiltak, som «kutte kosmetikk-innkjøp med ein tredel», «gå over til kjøtfritt kosthald» eller «kutte halvparten av flyreiser til utlandet». Forslaga spente mellom enkle og drastiske endringar. Medan enkelte var små i klimasamanheng, monna andre mykje.

Då personen eller familien hadde valt sine kort, rekna intervjuaren ut kor store kutt endringane ville utgjere. Også her vart mange skuffa over kor langt det var att til mål.

– Ein del reagerte òg på at vanane og forbruket deira spelte ei såpass stor rolle i klimaproblemet. Det kan opplevast som skremmande eller trist å merke kor lite villig ein sjølv er til å endre seg, seier Moberg.

Må vi bidra?

Ikkje alle kjøper ideen om at private husstandar òg skal bidra med klimakutt. For forskarane bak HOPE-studien er det likevel eit fastslått premiss. Ein grunn er at klima-reknestykket i Paris-avtalen byggjer på at vi skal lukkast med å fange eller lagre COi ganske stor skala. Ein del av desse tiltaka krev så store landareal at det ikkje er sikkert vi kan rekne med at dette kan redde oss.

– Mykje står på spel for verda. Difor seier det seg sjølv at vi bør ta i bruk alle tenkelege verkemiddel mens vi framleis har tid. Altså er det smart å satse på tiltak vi kan setje i verk no, seier Moberg.

Forskarane bak Hope-prosjektet legg vekt på at dersom vi meiner alvor og vil ta alle tiltak i bruk, må styresmaktene legge til rette for at også private husstandar gjennomfører utsleppskutt i åra framover.

– I ein slik situasjon er det ikkje usannsynleg at vi må halvere utslepp frå det private forbruket i Norge innan 2030, seier Moberg.

Fly og bil

Det deltakarane i HOPE-studien frå Bergen kanskje vil sitje att med av bitter lærdom, er at flyreisene deira skil seg ut som ein utslepps-versting, og dermed ein aktuell ting å kutte ned på.

– Å droppe flyreiser, særleg dei lange reisene til utlandet, gir stor klimagevinst, seier Moberg.

– Fleire av dei vi intervjua, har i ettertid sagt at dei tenker seg om to gonger før dei bestiller ein flybillett. Enkelte har lagt ferien litt nærare heimbyen. Dessutan merkar dei at det går greitt å ta bane eller bussen av og til – og då er ein jo godt i gang, avsluttar Moberg.

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium