Korleis står det til med klimatilpassinga i norske kommunar?

Forskarar frå Vestlandsforsking bidreg i tre av dei 15 kapitla i boka "Mot en farligere fremtid?" utgitt på Akademisk forlag.

Boka er redigert av Linda M. Bye, Haakon Lein og Jan Ketil Rød ved Norges teknisk naturvitenskaplige universitet (NTNU). Boka handlar om sårbarheit og tilpassing til klimaendringar i Norge og rapporterer resultat frå fire ulike forskingsprosjekt. Omtale av boka En farligere fremtid?

Carlo Aall har oppsummert erfaringar frå meir enn 20 års forsking på kommunalt miljøvern opp mot dei erfaringane kommunane no møter med å tilpasse seg forventa klimaendringar. Basert på desse erfaringane utviklar forfattaren ein typologi for dei klimatilpassingsutfordringane kommunane står framfor, der hovudskiljet går mellom direkte konsekvensar av klimaendringar lokalt og indirekte konsekvensar av klimaendringar globalt. Så langt har fokuset vore på den første typen, eksempelvis auka fare for flaum eller skred, medan den siste typen – eksempelvis redusert global matvaresikkerheit – så langt har vore så godt som fråverande i den lokale debatten. På sikt er det den siste typen som truleg  vil utgjere dei største og mest alvorlege lokale utfordringane knytt til klimaendringar.

Halvor Dannevig har i samarbeid med Grete K. Hovelsrud frå Nordlandsforsking og Trude Rauken frå CICERO beskrive arbeidet med klimatilpassing i åtte norske kommunar. Forfattarane finn blant anna ut at grad av gjennomføring av klimatilpassingstiltak er avhengig av størrelsen på kommunane, administrativ kapasitet og om det er ein eldsjel for klimatilpassing i administrasjonen. Det er med andre ord mindre sannsynleg at små enn store kommunar har gjennomført tiltak for klimatilpassing, med mindre det tilfeldigvis er ein person i administrasjonen som «brenn» for klimasaka.

Kyrre Groven har med bakgrunn i to skred- og flaumhendingar utløyst av nedbør i Bergen hausten 2005, diskutert korleis spørsmålet om klimatilpassing har kome på dagsorden i Bergen. Til saman fire menneskeliv gjekk tapt i desse hendingane. Artikkelen viser at sjølv etter hendinga i 2005 var det tilpassing til dagens klima som styrte det arbeidet som då blei starta med å førebyggje hendingar av same type. Det var først i 2007, etter at klimapolitikken fekk et oppsving med den fjerde hovudrapporten frå FNs klimapanel, at det naturskadeførebyggjande arbeidet blei omdefinert til også å omfatte forventningar om eit endra klima. Ved hjelp av agendasettingsteori blir denne prosessen drøfta med omsyn til vatn- og avløpssektoren og arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalyse for Bergen.

Kapittelbidraga frå forskarane ved Vestlandsforsking bygger på forsking utført i prosjektene NORADAPT og CIVILCLIM, begge finansiert av Norges forskningsråd og gjennomført i perioden 2007-2011.


Referansar:
Aall, C. (2013): «Tidlige erfaringer med kommunal klimatilpasning: Hva kan kommunene lære av tidligere erfaringer i lokalt arbeid med de globale miljøproblemene?». I Bye, L. Lein H. og Røed J.K (red) Mot en farligere fremtid, Trondheim: Akademika forlag. Side 193-210.

Hovelsrud G K, Dannevig H, Rauken T, (2013): «Klimatilpasning på dagsorden i åtte kommuner fra nord til sør». I Bye, L. Lein H. og Røed J.K (red) Mot en farligere fremtid, Trondheim: Akademika forlag. Side 220-228.

Groven, K. (2013): «Eit politisk skred: Korleis naturskadeførebygging og klimatilpassing kom på dagsorden i Bergen». I Bye, L. Lein H. og Røed J.K (red) Mot en farligere fremtid, Trondheim: Akademika forlag. Side 229-244.