Motvekst som klimastrategi

Foredrag
Id:
Oktober 2020

Kan vi stole på at "teknologisk fiks" skal setje oss i stand til å klare klimaomstillinga? På eit webinar arrangert av Tekna møttes Carlo Aall frå Vestlandsforsking og Per Espen Stoknes frå BI til debatt om "grøn vekst" og "nedvekst". Aall er forskar ved Vestlandsforsking og senterleiar for Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), i tillegg til stillinga som professor i berekraft ved Høgskulen på Vestlandet. Stoknes er førsteamanusensis ved Institutt for rettsvitenskap og styring ved BI i Oslo og har det siste året vore stortingsrepresentant for Miljøpartiet dei Grøne.

I innleiinga si peikte Carlo Aall på at nylanseringa av alternativet "grøn vekst" ikkje bringer inn noko nytt i debatten, men er ei vidareføring av trua på at teknologiske løysingar skal klare jobben og at vi derfor ikkje treng å gjere noko med den økonomiske veksten. Alternativet Carlo Aall trekker fram, er at viss vi skal ha ein sjanse til å nå klimamåla verda har sett seg, må den rike delen av verda krympe økonomien sin.

Les omtalen av webinaret

Sjå webinaret i opptak