Kartlegging av barrierar og kunnskapsbehov om klimatilpassing i offentleg forvalting
I arbeidet med etableringa av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) blei det hausten 2018 gjennomført ei spørjeundersøking for å kartlegge viktige barrierar for og kunnskapshol om korleis samfunnet best kan tilpasse seg moglege konsekvensar av forventa klimaendringar. Arbeidet vart finansiert av oppstartsløyvinga til Noradapt frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Resultata frå spørjeundersøkinga har saman med tidlegare empiri og kunnskapsstatus, lagt grunnlag for strategiplanarbeidet for Noradapt, og vil bli brukt til å utvikle nye hypotesar, problemstillingar og forskingsprosjekt for klimatilpassingssenteret.