Identifisering av alvorlege vêrhendingar - vurdering av metodar for å peike ut klimarelaterte hendingar vi kan trekke lærdommar frå

Rapport
Id:
Januar 2020
Utgjevar:
Stiftinga Vestlandsforsking

Rapporten vurderer ulike kjelder og metodar for å identifisere klimarelaterte hendingar med sikte på læring. Arbeidet omfattar både ekstremvêr og lokale vêrhendingar med stort skadepotensial. I tillegg til skadetypane storm, flaum, stormflo og skred, som ofte blir omtalt i samband med klimasårbarheit, inkluderer vi skadar knytt til langvarig tørke, og skadar frå lynnedslag. Seks metodar for identifisering av klimarelaterte hendingar er demonstrert i praksis og evaluert med omsyn til kriteria datarikdom, relevans, konsistens, tilgang og effektivitet. I tillegg omtaler vi to aktuelle kjelder som vi ikkje har hatt høve til å prøve ut. Av desse peikar den komande Kunnskapsbanken til DSB seg ut som særleg interessant.