Forbruk av vassressursar og andre vassrelaterte indikatorar i miljø-livsløpvurderingar (LCA)

Artikkel
Id:
2022
Utgjevar:
Vannforeningen
Tidsskrift:
Vann

Livsløpvurderingar (LCA) og miljøproduktdeklarasjonar (EPD) kan nyttast til å døma om eit produkt sin miljøverknad på ei rekkje vassrelaterte indikatorar. Av desse indikatorane handlar vassbruk om verknad på vatn som ressurs, medan indikatorar som forsuring, eutrofiering og økotoksisitet heng saman med effektar på miljøet i vatnet. Denne artikkelen tek særleg føre seg indikatoren for vassbruk/vassmangel i LCA/EPD, og i kva grad han kan nyttast som innsatsfaktor til vidare analysar på til dømes lokalt vasstilgjenge. Det vert konkludert med at generisk produkt-LCA/EPD av fleire årsaker kan gje resultat for vassbruk som er unøyaktige eller vanskelege å tolka. Indikatorar kan vera nyttige til å beskriva ulike former for miljøpåverknad på vatn, men bør kombinerast med kjennskap til korleis tala er rekna ut for at dei ikkje skal bli forstått og handsama for overflatisk.