Ekstremvêrhendingar - erfaringsgrunnlag for klimatilpassing hos fylkesmannen

Rapport
Id:
2010-4

Denne rapporten gir innblikk i korleis fylkesmannen har handtert konkrete ekstremvêrhendingar og kva erfaringar fylkesmannen og dei råka kommunane sat att med etter hendinga. Materialet kastar lys over det offentlege beredskapssystemet si evne til å lære av ekstremvêrhendingar, og viser kor godt rusta ein er til å takle følgjene av framtidige klimaendringar. Datagrunnlaget er intervju med fylkesberedskapssjefane i alle fylke og relevante dokument og rapportar. Studien viser at fylkesmannen generelt kunne ha engasjert seg meir i oppfølging og førebyggingsarbeid etter ekstremvêrhendingar. Dette fordi hendingar av ulikt omfang kan romme viktige erfaringar som bør følgjast opp med førebyggande tiltak i ettertid.