Competing values, ideologies and lock-in dependencies in sociotechnical pathways for industrial decarbonization
Denne artikkelen undersøker korleis ulike verdiar påverkar måten land arbeider med å redusere utslepp frå industrien. Artikkel går i djupna på tre land: Noreg, Dei sameinte arabiske emirata (UAE) og USA, for å forstå strategiane deira. Artikkelen argumenterer for at betre forståing av desse verdiane kan hjelpe land med å finne meir realistiske måtar å redusere utslepp på. Den foreslår også at land må vere meir aktive og ta grep for å endre energisystema sine, slik at dei kan nå måla om å redusere utslepp og sikre ei rettferdig omstilling.
Artikkelen er eit resultat av samarbeid mellom Universitetet i Sussex og Vestlandsforsking gjennom NTRANS. Vestlandsforsking sitt bidrag har vore å gå i djupna på den norske konteksten, identifisere norske case-område samt kva aktørar som skulle intervjuast, og å gjennomføre datainnsamling i Noreg.