Bridging the gap between defossilization and decarbonization to achieve net-zero industry
Denne artikkelen ser på korleis USA, Noreg og Dei sameinte arabiske emirata (UAE) jobbar med å redusere utslepp frå industrien. Vi har gjort feltarbeid med 139 intervju og 124 feltbesøk for å forstå strategiane i dei tre landa. USA brukar mange ulike teknologiar, UAE byggjer vidare på eksisterande fossil brenselinfrastruktur, og Noreg nyttar sine fornybare ressursar og investerer stort i karbonfangst og lagring.
Artikkelen er eit resultat av samarbeid mellom Universitetet i Sussex og Vestlandsforsking gjennom NTRANS. Vestlandsforsking sitt bidrag har vore å gå i djupna på den norske konteksten, identifisere norske case-område samt kva aktørar som skulle intervjuast, og å gjennomføre datainnsamling i Noreg.