Arbeidsverkstad #2 i SUSRENEW
Vestlandsforsking inviterte brukarar og forskarpartnarar til Forskningsparken i Oslo for det andre arbeidsseminaret i SusRenew-prosjektet, den 3. desember 2024. Det var stort engasjement knytt til tema klimapåverknader og korleis det kan påverke energisystemet i Noreg (spesielt fokus på produksjon, distribusjon og bruk av elektrisitet).
Seminaret opna med ei innleiing av prosjektet frå Carlo Aall (Vestlandsforsking), som presenterte prosjektmåla om å utvikle berekraftige fornybare energisystem med låg klimarisiko. Stephanie Mayer (NORCE) belyste korleis samansette vêrhendingar som tørke og vindstille kan svekke energisystemet, medan Miguel Chang (IFE) og Iva Ridjan Skov (Aalborg Universitet) presenterte metodar for å modellere klimarisiko og stressteste energisystem under ulike scenario.
I seminaret diskuterte vi utfordringar knytt til klimaendringar og energisystemet. Diskusjonen framheva blant anna korleis ekstremvind, ising og endringar i vindmønster kan påverke vindkraft i enda sørre grad framover. For mykje regn skapar problem for vasskraft, spesielt på Vestlandet. Kraftnettet er utsett for sterk vind, vegetasjon og mangel på reservedelar, noko som gjer forsyningstryggleiken sårbar.
Brukarsamansetjinga inkluderte representantar frå Norsk elbilforening, Deep Wind Offshore, Norsk Varmepumpeforening, Småkraftforeningen, Samfunnsbedriftene, og Vestland fylkeskommune. I tilegg deltok Norsk Elektroteknisk Komite (NEK).