Tekstar til klimatilpassing.no
Vestlandsforsking skriv i 2015 fagartiklar til Klimatilpassing.no - ein nasjonal portal for kommunar og andre som gjennom arbeid med til dømes planlegging, forvaltning og vedlikehald har behov for oppdatert kunnskap om klimatilpassing, klimasårbarheit og forventa utslag av klimaenringane.
I 2009 leverte Vestlandsforsking 35 nettartiklar om døme på klimatilpassing i Sogn og Fjordane. Arbeidet var bestilt av det tverrdepartementale programmet Klimatilpasning Norge, med sekretariat i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
I 2015 fekk Vestlandsforsking eit nytt oppdrag knytt til Klimatilpassing.no, som no er drifta av Miljødirektoratet. Arbeidet går ut på å skrive fagartiklar om klimatilpassing, med vekt på tema som er nyttige for norske kommunar. I tillegg leverer Vestlandsforsking tekst til den nye versjonen av portalen (lansering i 2016). Dei nye tekstane er i hovudsak knytte til klimatilpassing i landbruket.
Artiklar
- Ein kommune som går med gummistøvlar
KS prøver ut nettverk for klimatilpassing
Skredfare: kva kan kommunane kartleggje sjølv?