Hellenes Yard, Tibber, Sunnfjord Energi, Vestlandsforsking og Sfiinx har fått støtte frå Enova til ei konseptutgreiing for smarte energisystem på Øyrane i Førde. Utgreiinga skal gje svar på korleis ein kan utnytte energiressursar på ein best muleg måte innanfor industri- og bustadområdet.

Utgreiinga om Smart Grid Øyrane skal svare på problemstillinga: «Kva er det teknisk- økonomisk- miljømessige potensialet ved å kople saman og integrere dei eksisterande og planlagde energisystema på Øyrane?» Det er Vestlandsforsking som har ansvaret for å gjennomføre den teknisk-økonomiske miljøanalysen i prosjektet, i nært samarbeid med dei andre prosjektpartnarane.

- Vi ser fram til å bidra med kunnskap som grunnlag til nye og innovative løysingar for smarte energisystem og berekraftig bruk av overskotsressursar i fylket, seier Øyvind Heimset Larsen i Vestlandsforsking.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
ENOVA
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Seniorforskar og gruppeleiar Teksam
Seniorforskar og gruppeleiar Klima og Miljø