Samspel for berekraftig reiseliv
Prosjektet skal gjennom internasjonal kunnskapsgjennomgang, historiske case, pågåande utviklingscase og ein tett dialog med brukargrupper, utvikle ny kunnskap om vilkår for å integrere målet om eit berekraftig reiseliv i ulike sektor-politikkområde som landbruk, samferdsle, energi og naturvern.
Eit sentralt verktøy i prosjektet er etablering av ein møteplass mellom ulike forvaltningsnivå, økonomiske sektorar og forsking etter modell av den tidlegare byggeskikkringen i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Kunnskapen frå prosjektet skal stette mål om milømessig berekraft og auke lokal verdiskaping i reiselivet slik desse kjem til uttrykk m.a. i regjeringa si nasjonale reiselivsstrategi, den komande regionale reiselivsstrategien for Vestlandet og reiselivsplanen for Sogn og Fjordane. Søkjar er Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan ansvarleg for prosjektet er Vestlandsforsking.
Presseoppslag:
- Forskar meiner fjordane er for tilgjengeleg for cruiseskip, NRK Sogn og Fjordane, 19. juli 2016
- Forskere mener cruisetrafikken må bli mer miljøvennlig, NRK Vestlandsrevyen, 19. juli 2016