Berekraftig reiseliv i praksis: Fremjar eller hemmar for ei berekraftig utvikling?
I ein artikkel publisert i det vitskaplege tidsskriftet Sustainability, drøftar professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om berekraftig reiseliv i praksis har fremja eller hemma ei berekraftig utvikling.
Dato:
02.05.2014
Artikkelen gir ein gjennomgang av reiselivspraksisar som har nytta berekraftig reiseliv og liknande omgrep, og drøftar spesielt korleis den såkalla Triple Bottom Line-tilnærminga har påverka berekraftdebatten.
Artikkelen konkluderer med at gjeldande EU og norsk reiselivspolitikk ikkje har klart å fremje eit berekraftig reiseliv. Framleis er det "berre kraftig reiseliv" som dominerer utviklinga av næringa.