Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane - VRI 2014 - 2016

Eiga nettside VRI Sogn og Fjordane

VRI Sogn og Fjordane på Facebook

VRI står for verkemiddel for regional innovasjon og er eit program frå Norges forskingsråd for å stimulera til meir bruk av forsking og utvikling (FoU) for betre innovasjon i næringslivet. Programmet er inne i sin tredje periode og det blir gitt støtte både til samhandlingsprosjekt  og reine forskarprosjekt. Sogn og Fjordane fekk tildelt midlar til eit samhandlingsprosjekt på grunnlag av ein søknad i mai i år. Prosjektet startar opp 1. juli i år.

Samhandlingsprosjektet i Sogn og Fjordane har som overordna mål å stimulera til meir forskingsbasert innovasjon for større verdiskaping og konkurransekraft i bedriftene innan dei prioriterte innsatsområda energi, mat og reisliv, og teknologi/IKT. Innsatsområda er valde ut i samsvar med prioriteringar i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025, ein plan som nyleg er vedteken av fylkestinget.

Hovudmålet skal nåast gjennom følgjande delmål:

1. Vidareutvikla og styrka samhandlinga i det regionale innovasjonssystemet

2. Næringslivet skal i større grad ta i bruk forskingsbasert kunnskap

3. Betra samsvaret mellom næringslivet sine behov og kunnskapsmiljøa sine tilbod

Erfaringane frå tidlegare VRI-prosjekt i fylket (VRI 1 og VRI 2) har vist at verkemidla kompetanseutvikling og bedriftsprosjekt har vore særleg nyttige for å stimulere til meir FoU-bruk i næringslivet i Sogn og Fjordane, og denne innsatsen vil bli vidareutvikla. I tillegg vil verkemidla mobilitet og dialog også bli nytta. Etter avslutninga av samhandlingsprosjektet i VRI 3 vil dei verkemidla som har vist seg å fungera best, bli vidareførte i arbeidet med iverksetjing av tiltaka i Verdiskapingsplanen.

VRI sluttrapport til Forskingsrådet

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd, Sogn og Fjordane fylkeskommune
I samarbeid med:
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6352
Prosjektleiar:
Aktuelt: