Operasjonalisering av berekraftig reiseliv og geoturisme i Arena Innovativ Fjordturisme
Litt om publikasjonane frå prosjektet:
- "Håndbok for bærekraft i reiselivet" er sluttresultatet av prosjektet, og en vegviser til korleis ein kan komma i gang med arbeidet mot meir berekraft i ei reiselivsbedrift. NCE skal også produsere ein brosjyre som vil bli lagt ut på deira nettside
- "Arbeidsbok for bærekraft" er forløparen til "Håndbok for bærekraft i reiselivet", og viser arbeidsprosessen som berekraft-pilotane har vore gjennom. Arbeidsboka viser ein del teori og bakgrunnshistorie til berekraftig reiseliv
- "Oversikt over internasjonale sertifiseringsordningar" av prosjektmedarbeidar Hanna Nyborg Storm, gir ei innføring i ulike internasjonale sertifiseringsordningar
- "Sluttnotat: Operasjonalisering av bærekraftig reiseliv og geoturisme" oppsummerer arbeidet som er gjort i ARENA Innovativ fjordturisme.
Samandrag av prosjektet:
Operasjonaliseringen av berekraftig reiseliv og geoturisme i ARENA IF skal gjerast for å:
- Sørge for meir styringsrelevant informasjon for bedrifter, destinasjonar og reiselivsstyresmakter enn dagens styringsverktøy kan tilby når det gjeld å utvikle norsk reiseliv meir i tråd med målet om berekraftig reiseliv og prinsipp for geoturisme.
- Bidra til å skape endring på bedrifts-, reisemåls- og Fjord Norge-nivå slik at ein kan tilpasse produktutvikling og marknadsføring til målet om berekraftig reiseliv og prinsipp for geoturisme.
Vidare bør operasjonaliseringa av berekraftig reiseliv og geoturisme i ARENA IF bidra til å styrke det nasjonale strategiske arbeidet med produktutvikling og profilering av reiselivet knytt til omgrepa berekraftig reiseliv og geoturisme.
Det er mange eksempel på operasjonalisering av berekraftig reiseliv og liknande omgrep, i ulike variantar av sjekklister og indikatorsystem. Vi vil fokusere på internasjonale og nasjonale erfaringar med operasjonalisering av berekraftig reiseliv, økoturisme og geoturisme.
Startdato:
Sluttdato:
Prosjektnummer:
6141
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):
Aktuelt: