Reiselivsbedrifter vel sertifisering
Forskingssenter for berekraftig reiseliv har nettopp avslutta prosjektet ARENA Innovativ Fjordturisme (no NCE) som er gjennomført i løpet av dei siste tre åra.
Formålet med prosjektet har vore å prøve ut to måtar å operasjonalisere prinsipp om berekraftig reiseliv og geoturisme, nemleg gjennom å jobbe med indikatorar og sertifiseringsordningar.
Fem reiselivsbedrifter på Vestlandet har delteke i prosjektet og vi har sett på deira erfaringer frå arbeidet med å bli meir berekraftige. Dei fem reiselivsbedriftene er:
- Bergen Base camp – Exin.no
- Contrast Adventure
- Destinasjon Voss
- Voss Fjellandsby Myrkdalen
- Fjordtours
Konklusjonen i prosjektet er at det på bedriftsnivå er sertifiseringsordningar som er enklast å jobbe med i starten av ei omlegging mot meir berekraft i ei reiselivsbedrift.
På prosjektsida til prosjektet finn de meir informasjon, m.a. oversikt over publikasjonar m.m.