Mobilitet i arbeidslivet i Sogn og Fjordane

Er det skilnader på det å gjere karriere ute i distrikta jamfør i storbyane? Kva inneberer desse skilnadene? I forsking på regional utvikling blir gjerne dei negative sidene ved arbeidslivet i distrikta utheva. Men kan det og vere slik at ein i tynnare næringsmiljø får breiare oppgåveporteføljer og nærare kontakt med leiing og myndigheiter, som igjen kan gje kortare veg til ei positiv utvikling av yrkeskarriera?

Det er forska lite på arbeidsliv og karriereutvikling ute i distrikta. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gjeve VF i oppdrag å gje ei kunnskapsoversikt på temaet, samt å utføre ei spørjeundersøking om arbeidsliv og karrieremoglegheiter blant tilsette verksemder i Sogn og Fjordane.

Svar gjerne på spørjeundersøkinga HER, innan 17. februar 2023

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6632
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Aktuelt:
  • VF med Sparebankstiftinga SFj

    Vestlandsforsking stadfestar langt på veg påstanden om at arbeidstakarar i distrikta opplever ei raskare karriereutvikling enn i større byar.
    – Vi er i grunnen positivt overraska over kor nøgde folk er med å jobbe i distrikta, seier Kristin Løseth og Daniel Furberg, som nyleg la fram ein rapport om temaet for Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane.

  • to forskarar sogndal

    Det blir ofte sagt at vegen til stort ansvar og viktige oppgåver er kortare i arbeidslivet i distrikta, men stemmer dette? Vestlandsforsking har teke på seg å undersøke dette spørsmålet for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og gjennomfører no ei spørjeundersøking som dei fleste arbeidstakarar i gamlefylket kan svare på.