Korleis møte kunnskaps- og rettleiingsbehovet i kommunar og fylkeskommunar på området klimatilpasning?
Vestlandsforsking skal på oppdrag frå KS utarbeide eit lysarkbasert notat som skal utgreie fylgjande to spørsmål:
- Korleis kan kommunar (og fylkeskommunar) starte prosessane med å utvikle ein politikk for å tilpasse seg klimaendringar?
- Korleis kan KS gi rettleiing til kommunesektoren (og fylkeskommunane) om korleis ein bør starte ein prosess med å utvikle ein politikk for å tilpasse seg klimaendringar?
Vi skal vidare sjå på følgjande delspørsmål:
- Korleis skille mellom utfordringar på kort sikt som kommunesektoren først bør gripe tak i, og utfordringar på lang sikt som krev meir langsiktig innsats?
- Alle kommunar skal gjennomføre ROS-analyse. Korleis kan kommunane bruke planlova som eit verkemiddel i klimatilpasning?
- Den nye plandelen i PBL blir sett i verk frå 1. juli. Korleis kan kommunane bruke planlova som eit verkemiddel i klimatilpasning?
- Alle kommunar skal ha planar for klima og energi. Korleis kan kommunane bruke klima- og energiplanane som eit verkemiddel i klimatilpasning?
- Planlova krev at kommunane skal ha tilgang på kompetanse. Kva kompetansemiljø er relevante som kommunane kan dra nytte av på sikt?
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
KS
Prosjektnummer:
6164
Prosjektleiar:
Publikasjon(ar):