Aktuelt-arkiv

  • I samband med Fjellsporfestivalen i Sogndal vil forskarar frå Vestlandsforsking bidra med innlegg under frukostseminara.

  • Litt stygt sagt er det først no biblioteka ser ut til å ha oppdaga krafta i Internett. Det nyleg føreslåtte rammeverket BIBFRAME frå Library of Congress er ikkje noko mindre enn ein revolusjon innan bibliotekverda.

  • Ved første augekast kan det sjå ut som ein god ide å gi FN mandat til å kontrollera Internett. Men det er ikkje berre ein dårleg ide, det er eit farleg forslag som fort kan enda opp med meir sensur på nettet.

  • Offentlege nettsider i Sogn og Fjordane er så godt som innvandrarfrie soner. Skal kommune-Noreg nå fram til innvandrarane med digital informasjon, trengst det nasjonal koordinering og meir brukarinvolvering.

  • Etter at den teknologisk gåverike Aaron Swartz tok sitt eige liv for 14 dagar sidan, i ein alder av berre 26 år, har diskusjonen rast på Internett om ”forbrytelse og straff” og ekstremisme i lovverket i USA.

  • I mars 2009 vart Fylkesdelplan for klima og miljø vedtatt i fylkestinget med eit overordna mål om at Sogn og Fjordane fylke skal gjere sitt for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. Sogn og Fjordane var mellom dei første fylka i landet til å vedta ein fylkesdelplan på klimaområdet og å utvikle ein metode for systematisk å vurdere om klimamåla blir nådd. Nyleg la Vestlandsforsking fram ein rapport med framlegg til ein slik metode.

  • Fredag 18. januar blei det arrangert eit fagseminar i Sogndal om kva som skjer innan området fornybar energi i Sogn og Fjordane. Her kan de sjå nokre av innlegga på seminaret.

  • Vil eit våtare, varmare, og villare klima gjere det lettare eller vanskelegare å produsere mat i regionen vår? Vil klimaendringar i andre land påverke matproduksjonen her heime? Korleis vil tiltak for å redusere klimagassutslepp verke inn på forholda for å drive jordbruk? Desse spørsmåla står sentralt i ein ny rapport frå Vestlandsforsking og Norsk senter for Bygdeforskning.

  • Ved første augekast kan det sjå ut som ein god ide å gi FN mandat til å kontrollera Internett. Men det er ikkje berre ein dårleg ide, det er eit farleg forslag som fort kan enda opp med meir sensur på nettet.

  • Blir det meir eller mindre lokal verdiskaping av å satse meir på cruiseturisme i Sogn og Fjordane? Kva er verknaden på utslepp av klimagassar av å satse på meir kortreist turisme? Dette er eksempel på spørsmåla det er viktig å ta stilling til om ein skal følgje opp målet i Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane om at berekraftig forvaltning skal vera eitt av fylket sine viktigaste konkurranseføremoner.

  • Cenk Demiroglu, gjesteforskar ved Vestlandsforsking, gjennomfører ein studie av klimatilpassing innan skidestinasjonar.

  • Statsminister Jens Stoltenberg vil ha fart på digitaliseringa i offentleg sektor. Han treng ikkje gå langt, han kan berre ta ein prat med kollega Bård Vegar Solhjell og opna opp kartdata for å få eit skikkeleg løft.

  • Best av dei regionale institutta på internasjonalt samarbeid. Mellom dei tre beste på vitskapleg publisering.

  • Gruppa som arbeider med semantiske teknologiar ved Vestlandsforsking var på studietur til universitetet i Leipzig i forrige veke. Universitetet i Leipzig er mellom dei leiande miljøa i Europa på fagområdet semantiske teknologiar og særleg lenka data (Linked Data).

  • Gjennom eit forskingsprosjekt finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune har Vestlandsforsking utvikle eit system for korleis norske fylkeskommunar kan følgje opp fylkeskommunale klimaplanar og vurdere om dei når sine mål og ambisjonar med tanke på reduksjon av klimagassutslepp knytt til både produksjon og forbruk regionalt.

  • Vestlandsforsking avdekkar at det framleis er mange uavklara ansvarsområde innan klimatilpassing.

  • Dersom kommunane følgjer regelverket kan dei forhindre at mange av dei naturskadehendingane som har skjedd tidlegare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.

  • Fagfellevurdering (peer review) er sjølve fundamentet i forskinga. Nye påstandar blir sette fram og må evaluerast opp mot eksisterande kunnskap og så aksepterast eller forkastast. Oftast skjer dette gjennom publisering av artiklar som så vert vurderte av fagfeller på området. Spørsmålet er om slike evalueringar er gode nok? Mykje tyder på at svaret er NEI.

  • Presentasjon på nordisk fagkonferanse i Umeå.