Kan forsikringsdata hjelpe kommunane å førebyggje naturskade?

Det er venta at forsikringsutbetalingar etter skader knytt til ekstremvær vil auka vesentleg i framtida. Enkelte berekningar antydar at kostnadane vil auke med ti prosent i løpet av 10-20 år, og opp mot 30 prosent etter 2070. No ønskjer Finans Norge (sammenslutningen av finansnæringen) med støtte frå Miljøverndepartementet å finne ut om offentleggjering av skadedata frå forsikringsselskap kan hjelpe kommunene med å førebyggja slike skader.

I prosjektet skal det undersøkjast om tilgang til skadedata frå forsikringsnæringa kan styrke kommunane sitt arbeid med førebygging av klimarelaterte naturskadar gjennom kommunal arealplanlegging. Også ved investering, drift og vedlikehald av vatn- og avløpssystem kan det tenkast at tilgang til spesifikke skadedata vil styrke det skadeførebyggjande arbeidet. For å undersøke desse samenhengane vil skadestatistikk frå forsikringsselskapa bli gjort tilgjengeleg for eit utval pilotkommunar.

Prosjektet blir gjennomført av Vestlandsforsking i samarbeid med Geografisk institutt ved Norges teknisk naturvitenskaplige universitet (NTNU) og Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR).