Lokal og regional sårbarheit for klimapolitikk
Korleis vil ein ambisiøs klimapolitikk slå ut lokalt på Vestlandet? Dette har vore tema i eit nyleg avslutta forprosjekt utført av Vestlandsforsking i samarbeid med Stavanger og Sandnes kommunar og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Målsettinga i prosjektet har vore å utvikla ein metode for analyse av konsekvensane av ein ambisiøs klimapolitikk på kommune- og fylkesnivå. Som ein del av metoden utvikla prosjektet scenario for ein framtidig og meir ambisiøs klimapolitikk og analyserte mogelege konsekvensar innafor sektorane samferdsel, jordbruk og arealplanlegging. Scenarioa er presentert for representantar for sektorane i Stavangerregionen og Sogn og Fjordane og aktørane har gitt fylgjande tilbakemeldingar på våre scenario:
Jordbruket på Vestlandet kan bli redusert og avgrensa til dei mest produktive områda dersom tiltaka som går på stimulering til meir intensiv drift og høgare priser på innsatsfaktorar blir innført. Produksjon av biogass kan bli ei ekstra inntektskjelde for bønder, men når straumprisane er så låge som dei har vore i Norge dei siste åra er ikkje det lønsamt med dagens rammevilkår.
Samferdselssektoren har ulike utfordringar når det gjeld klimaendringane i dei to regionane der scenariometoden er testa. I Stavangerregionen er det mogeleg å oppnå langt høgare kollektivdekning og skinnegåande transport, men tiltak for å avgrense bruk av privatbil er upopulære. Dei spurde aktørane trur likevel at folk og næringsliv vil tilpasse seg, berre tilbodet blir godt nok. Ingen trudde dette ville ha negative konsekvensar for regionen. I Sogn og Fjordane derimot var det meir spørsmål om privatbilen let seg erstatte. Mange stadar i fylket har utvikla større arbeidsmarknadsregionar basert på bruk av privatbil og fylket er difor sårbart mot tiltak som vil avgrense bruk av privatbil.
For kommunal planlegging retta dei fleste føreslegne statlege klimatiltaka seg inn mot stasjonær energibruk og samordna transport- og arealplanlegging. Det blei framheva at ein allereie har kome ganske langt på desse områda. I Stavangerregionen blei det sagt at det var upopulært blant folk å redusere parkeringsmulegheiter i sentrum. Planlegging av nye område for bustad- og næring blir allereie planlagt for at transportbehovet skal bli dekka av kollektivtransport eller med sykkel, men det er eksempel på at slik planlegging har vore forgjeves då det blir bygt nye og store vegar som vil legge til rette for auka bruk av privatbil langt inn i scenarioperioden. I Sogn og Fjordane blei det også peika på at eit eventuelt krav om kollektivdekning til alle nye utbyggingsområde ville føre til ei sentralisering.
Forprosjektet har vore finansiert av Regionalt Forskningsfond Vestlandet, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Stavanger og Sandnes kommunar.