Cruise og verdiskaping - Innlegg på seminar

På seminar arrangert av Nærøyfjorden verdsarvpark om cruise og verdiskaping i Flåm 3. mai 2013, oppsummerte Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking ulike undersøkingar om cruisepassasjerar sitt forbruk i land.
Sett under eitt viser undersøkingane at cruiseturistar som går i land kjøper varer og tenester for 400-500 NOK, men mange av passasjerane vert verande att på skipet (20%-40%). Eksisterande undersøkingar stammar i hovudsak frå byar. Sannsynlegvis er beløpet mindre på mindre plassar.
Ei av undersøkingane viser at andre typar turistar legg att meir pengar enn cruiseturisten. Hotellturisten har høgast forbruk. Det overordna spørsmålet vert difor kva form for turisme ein då bør satse på dersom ein ønskjer meir turisme.
Eivind Brendehaug: Forvaltning av fjordtrafikken - kva for interesser vil de stimulere?