Aktuelt-arkiv

  • Aktuelt
    ""

    Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland har fått støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet til eit nytt forprosjekt. Prosjektet skal auke kunnskap om lokale miljøgiftkjelder, korleis klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter frå desse kjeldene og kva miljøforvaltninga kan gjere for å førebyggje slik skade.

  • Laurdag vart det arrangert forskartorg på Sogningen storsenter i Sogndal der forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen hadde stand. Vestlandsforsking presenterte tre pågåande prosjekt og fekk også pris for beste stand for prosjektet om havforsuring.

  • Hellenes Yard, Tibber, Sunnfjord Energi, Vestlandsforsking og Sfiinx har fått støtte frå Enova til ei konseptutgreiing for smarte energisystem på Øyrane i Førde. Utgreiinga skal gje svar på korleis ein kan utnytte energiressursar på ein best muleg måte innanfor industri- og bustadområdet.

  • Fylkeskommunen, IT-forum Breiband og Vestlandsforsking har jobba saman med søknaden som no gjer at fylket får 30 millionar frå staten til utbygging av breiband. Dei 30 nye millionane frå staten løyser i tillegg ut millionar frå fylkeskommunen og kommunane.

  • Forskararar frå Høgskulen og Vestlandsforsking inviterer til aktivitetar, undring og innblikk på Amfi Sogningen laurdag 24. september kl 12.00 - 14.00

  • Forskingsdagane er Noregs nasjonale forskingsfestival! Årets tema er "grenser" og det er mange spennande arrangement i Sogndal og Førde.

  • Sentrale, lokale og fylkespolitikarar frå Arbeiderpartiet vitja Sogndal for å få innspel om berekraftig transport og grøn omstilling i næringslivet.

  • Vestlandsforsking var medarrangør av den 4. nordiske konferansen om klimatilpassing som blei arrangert i Bergen i august.

  • Stadig fleire arbeider med og set si lit til velferdsteknologi, og no skal det reknast på kva gevinst det kan gje!

  • 21. -22. juni i år vart det halde eit vellukka seminar om opplevingsbasert forsking. 25 forskarar frå 5 nordiske land møttest, Agnes Brudvik Engeset frå Vestlandsforsking var blant deltakarane.

  • Vestlandsforsking er medarrangør av den 4. nordiske konferansen om klimatilpassing som blir arrangert i Bergen i august.

  • Alternativ tekst

    Vestlandsforsking skal i vår gjere ein studie om klima og forbruk i Bergen. Til intervjua er vi på jakt etter 75 husstandar.

  • H.K.H. Kronprins Haakon deltek på 25-års jubileum ved Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten 3. juni.

  • Vestlandsforsking har analysert skadane etter flaumen på Vestlandet i oktober 2014 for å finne ut om kommunane si arealplanlegging kan forklare noko av skadeomfanget.

  • På nettsida til forskning.no har Carlo Aall skrive ein kronikk om kommunesamanslåing og kva konsekvensar det kan ha for miløet.

  • Marit Haugan Hove startar forskarkarrieren sin i Førde med Helse Førde sin dialogkonferanse om framtidas spesialisthelseteneste måndag 23. mai. Ho er ei av om lag 20 trainear i årets kull i Framtidsfylket si traineeordning.

  • ""

    Årets nasjonale klimatilpassingskonferanse går av stabelen i Sogndal 2.-4. mai. Over 130 deltakarar har meldt seg på konferansen som har klimatilpassa samfunnsplanlegging og det grøne skiftet som tema. Konferansen kan følgjast på nett - sjå lenke i omtalen.

  • I går vart det tredje minneseminaret etter Jon Bing arrangert (Jon Bing's Memorial Seminar), på Hotel Bristol i Oslo. Jon Bing døydde i 2014 kort tid før han ville ha fylt 70 år. Den gangen vart 70-årsfeiringa omgjort til eit minneseminar, og Senter for rettsinformatikk ved Universitetet i Oslo har halde oppe tradisjonen og arrangert eit seminar til minne om han sidan.

  • Ein analyse av skadane etter flaumen på Vestlandet i oktober 2014 viser at vi har store utfordringar når det gjeld sikring av bygg som vart reist før dagens regelverk om naturskadeførebygging vart innført. Flaumen råka også nye bygg som var oppført i tråd med dagens regelverk. Dette viser kor vanskeleg det er å drive trygg arealplanlegging med eit klima i endring.

  • Ein nyleg avslutta analyse av ei rad lokale reiselivssatsingar viser at det er svært ulike oppfatningar innan og mellom staten, fylke og kommunar om berekraftig reiseliv. Skilnadane er så store at det ofte blir vanskeleg å trekkje i same retning. "Den delen av berekraftarbeidet som då vert skadelidande er omsynet til dei globale miljøproblema - og då særleg korleis reiselivet kan redusere utsleppa av klimagassar" seier prosjektleiar Carlo Aall.