Nordisk konferanse om klimatilpassing i Bergen 29.- 31.august 2016
Vestlandsforsking er medarrangør av den 4. nordiske konferansen om klimatilpassing som blir arrangert i Bergen i august.
Dato:
12.08.2016
Konferansen blir åpna av klima- og miljøminister Vidar Helgesen og har innleiarar frå forskingsinstitutt og universitet både frå Norden og andre land. Sjå program.
Tysdag 30. august presenterer forskar Halvor Dannevig eit nytt prosjekt ved Vestlandsforsking om korleis kystsoneforvaltning kan bidra til å redusere dei negative konsekvensane av havforsuring.