Forskartorg på Sogningen

Laurdag vart det arrangert forskartorg på Sogningen storsenter i Sogndal der forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen hadde stand. Vestlandsforsking presenterte tre pågåande prosjekt og fekk også pris for beste stand for prosjektet om havforsuring.

Hanna Kvamsås  og Idun A. Husabø frå Vestlandsforsking hadde ansvaret for standen om havforsuring, eit lite kjent problem kalla "det andre klimaproblemet" eller "klimaendringane sin vonde tvillling". Fordi det er meir CO2 i atmosfæren, blir altså verdas hav og fjordar gradvis surare - dei får lågare pH. På standen kunne dei minste forme sjødyr i plastilina og plassere dei i ein stor, blå fjord. Dei litt større ungane kunne vere med og måle pH-verdien på fjordvatn, springvatn og cola, både med indikatorpapir og med ein ekte pH-målar som forskarar brukar.

Forskarane reknar med at med utsleppa vi har no, vil hava våre innan 2050 vere surare enn på 25 MILLIONAR år. Det fekk dei største ungane til å heve augebryna.

Fleirbruk av utmark. Ida Marie Gildestad hadde med eit kart over utmarka på Kaupanger, og snakka om korleis stisyklistar, turgårarar og grunneigarar/hjortejegerar må dele på det populære området på halvøya. Ho opplyste òg om at det følgjer med ei rekkje mindre kjende plikter i allemannsretten

Velferdsteknologi. Sivilingeniør/trainee Marit Haugan Hove viste fram eit par av dei mange innretningane vi kallar "velferdsteknologi", og som kan gi folk med helseproblem eit enklare og tryggare liv.

Marianne Nilsen ved HiSF var organisator av forskartorget. Ho delte saman med Erik Kyrkjebø ut ein pris til beste stand, som gjekk til Vestlandsforsking sin stand om havforsuring.