Møte med AP-medlemmer i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Sentrale, lokale og fylkespolitikarar frå Arbeiderpartiet vitja Sogndal for å få innspel om berekraftig transport og grøn omstilling i næringslivet.

Vestlandsforsking var tysdag 13. september vertskap for Arbeiderpartiet sine medlemmer i transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget, samt lokale og fylkespolitikarar frå Arbeiderpartiet.

Vestlandsforsking var representert ved forskarane Torunn Hønsi, Carlo Aall og Svein Ølnes. Vi heldt innlegg om «Berekraftig transport – eller berre kraftig transport» og «Tiltak for grønare næringsliv i Sogn og Fjordane» samt eit innspel om statleg løyving til IT-infrastruktur (breiband) samanlikna med det totale samferdslebudsjettet.

Høgskulen i Sogn og Fjordane ved dekan Stein Joar Hegland heldt innlegg om «Fornybarfylket»  – med hovudbodskap at tverrfaglege, realfagbaserte utdanningar i samspel med forsking, er nøkkelen til suksess.