Dei to siste åra har IT-forum Sogn og Fjordane si arbeidsgruppe for velferdsteknologi vore med som drahjelp for kommunane i fylket som jobbar med spørsmål knytt til velferdsteknologi. I desember 2014 deltok alle kommunane i fylket på den fyrste konferansen i regi av prosjektet "velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane", der det i fyrste rekkje var informasjon og kunnskap som sto på agendaen.
- For ein utruleg stad å bu, arbeide og leike seg i naturen, seier reiselivsforskar Peter Varley frå University of the Highlands and Islands i Skottland. Varley har vore i Sogndal som gjesteforskar i januar.
Kan den nye teknologien Bitcoin representerer vera nyttig også i offentleg sektor? Det er spørsmålet forskar Svein Ølnes stiller i kronikken som er publisert på forsking.no.
I forprosjektet om fleirbruk på Kaupangerhalvøya gjennomførte Vestlandsforsking ein dialogprosess mellom dei ulike brukargruppene. Eigenevaluering av deltakarane tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og bruk av område.
Sogn og Fjordane kjem til Trondheim torsdag 28. januar. Har du lyst til å sjå kva som rører seg i fylket? Kom og slå av ein prat med Vestlandsforsking! Vi søkjer to nyutdanna fagleg sterke traineear med masterutdanning innan fagområda velferdsteknologi og klima/miljø.