Vestlandsforsking med i NRK TV P3 programmet «Skyldig-jeg?»
Klimaforskarar frå Vestlandsforsking hjelper Sigbjørn til å leve meir berekraftig i ein NRK TV P3 dokumentar som vart sendt måndag 3.oktober.
Bakgrunnstal og utrekninga av karbonfotavtrykk som vert gjort i programmet er utvikla i det internasjonale forskingsprosjektet HOPE (Household Preferences for Reducing Greenhouse Gas Emissions in Four European High Income Countries). Den norske delen av prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd sitt KLIMAFORSK program. I prosjektet skal Vestlandsforsking studere kva hushalda kan akseptere av kutt, dersom dei må redusere sine utslepp av klimagassar i framtida.
Det er forskarane Carlo Aall og Marta Baltruszewicz som deltek i programmet. Dei to jobbar i HOPE-prosjektet, saman med forskaren Karen Richardsen Moberg.
Les meir om programmet og sjå dokumentaren her: Skyldig, jeg?
Les meir om forskingsprosjektet HOPE
Eller på heimesida til prosjektet: http://hope-project.net/?page_id=89&lang=nn
Vil du òg sjekke ditt karbonfotavtrykk? Då kan du bruke klimakalkulatoren