Aktuelt-arkiv

  • Ein nyleg avslutta analyse av ei rad lokale reiselivssatsingar viser at det er svært ulike oppfatningar innan og mellom staten, fylke og kommunar om berekraftig reiseliv. Skilnadane er så store at det ofte blir vanskeleg å trekkje i same retning. "Den delen av berekraftarbeidet som då vert skadelidande er omsynet til dei globale miljøproblema - og då særleg korleis reiselivet kan redusere utsleppa av klimagassar" seier prosjektleiar Carlo Aall.

  • Traineeordninga til Framtidsfylket viser seg å vere attraktiv. Vestlandsforsking har fått rekordstor søknad til to traineestillingar ved instituttet. Det er 87 søkarar til stillinga på klima og miljø og 27 søkarar til velferdsteknologi.

  • 120 deltakarar møtte på Skei til årets konferanse om velferdsteknologi i forrige veke. Konferansen omhandla erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i 8 pilotkommunar i fylket.

  • test
  • Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • test

    Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • 2. - 4. mai blir det arrangert ein klimakonferanse i Sogndal. Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Statens Vegvesen, Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NVE, Norsk Bremuseum og UWC.

  • Vestlandsforsking har samla leiande forskarar frå fleire fag for å få fram ny kunnskap om korleis vi kan handtere havforsuring, klimaendringane sin mindre kjende «tvilling».

  • Dei to siste åra har IT-forum Sogn og Fjordane si arbeidsgruppe for velferdsteknologi vore med som drahjelp for kommunane i fylket som jobbar med spørsmål knytt til velferdsteknologi. I desember 2014 deltok alle kommunane i fylket på den fyrste konferansen i regi av prosjektet "velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane", der det i fyrste rekkje var informasjon og kunnskap som sto på agendaen.

  • - For ein utruleg stad å bu, arbeide og leike seg i naturen, seier reiselivsforskar Peter Varley frå University of the Highlands and Islands i Skottland. Varley har vore i Sogndal som gjesteforskar i januar.

  • Kan den nye teknologien Bitcoin representerer vera nyttig også i offentleg sektor? Det er spørsmålet forskar Svein Ølnes stiller i kronikken som er publisert på forsking.no.

  • I forprosjektet om fleirbruk på Kaupangerhalvøya gjennomførte Vestlandsforsking ein dialogprosess mellom dei ulike brukargruppene. Eigenevaluering av deltakarane tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og bruk av område.

  • Sogn og Fjordane kjem til Trondheim torsdag 28. januar. Har du lyst til å sjå kva som rører seg i fylket? Kom og slå av ein prat med Vestlandsforsking! Vi søkjer to nyutdanna fagleg sterke traineear med masterutdanning innan fagområda velferdsteknologi og klima/miljø.

  • Kunnskap om korleis digital teknologi fungerer er sentralt i eit samfunn som vårt.